Opnar rap-linje til hausten i Ørsta

Møre folkehøgskule i Ørsta opnar rap-linje hausten 2024. Det opplyser skulen sjølv. Runar Gudnason, kjent frå Side Brok og Sirkel Sag, sit i styret til Møre folkehøgskule og er initiativtakar til den nye linja.

NPK, Åshild Slåen
Publisert

Elevane skal lære å bruke stemma si og framføre låtane sine, så no bygger skulen sitt eige lydstudio, og skuleåret skal avsluttast med konsert.

Rektor Rune Hovde har stor tru på at den nye linja kan bli noko heilt for seg sjølv.

– Det finst mange musikklinjer på norske folkehøgskular, også eit par som driv med hip-hop, men ingen linjer som er så reindyrka rim-, rytme- og rapfokusert som denne, og med ekte rapparar som lærarar, seier han i ei pressemelding.

Runar Gudnason har tru på prosjektet.

– På linja vår kan ein lage tradisjonell skryte-rap eller meir moderne og melodiøs rap. Alt er lov! Det handlar uansett om det same: å bruke språket som musikk for å uttrykke seg sjølv, mens ein både har det kjekt og blir litt klokare på seg sjølv og verda rundt seg, seier han i ei pressemelding.

Gudnason har også fått med seg voldingen Emil Lewe frå duoen louilexus til å vere lærar. Lewe er utdanna grafisk designar og illustratør frå Kunsthøgskolen i Oslo, men no flyttar han altså heim for å vere raplærar på fulltid.