Nokre elevar har gått glipp av tre veker med undervising. Elevorganisasjonen krev ekstraundervisning for å ta att det tapte.

NPK-NTB-Hans Cosson-Eide
NPK-NTB-Hans Cosson-Eide

– Mange elevar i vidaregåande skule har gått glipp av 60 undervisningstimar. Det er ikkje timar ein berre kan gå glipp av og rekna med at det går greitt, seier leiar Benjamin Skiaker Myrstad i Elevorganisasjonen til NTB.

Ifølgje KS' berekningar har kommunane spart 210 millionar kroner på lærarstreiken, skrivE24. Dette er pengar elevane sine tillitsvalde vil ha tilbake i form av ekstraundervisning.

LES OGSÅ: – Det har gått prestisje i lærarstreiken

Krev kompensasjon
– Det er heilt openbert at desse pengane ikkje skal brukast på noko anna enn skule. Skulane bør betala lærarane overtid for ekstraundervisning. Det bør avgjerast lokalt om undervisninga skal spreiast over året eller takast som kutt i feriane, seier Myrstad.

Det er opp til kvar enkelt kommune kva dei gjer med pengane dei har spart medan streikekassane til fagforeiningane har betalt lærarlønningane. KS vil ikkje leggja føringar for kva kommunane skal gjera, opplyser organisasjonen til NTB.

I Bergen seier skulebyråd Harald Victor Hove at han vil bruka heile eller delar av det oppsparte beløpet på kompenserande tiltak, ifølgje Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Uroa for spesialundervisninga

Tillitskrisen fortset
Måndag kunne partane endeleg avblåse streiken, etter å ha vorte samde om ein avtale om natta. Partane er samde om at det ikkje skal innførast meir bunden arbeidstid, utan at det vert forhandla fram lokalt.

Dersom partane på ein skule ikkje vert samde om arbeidstid, skal saka gå vidare i eit system med mekling i fylkeskommunen eller kommunen. Dersom ein heller ikkje der vert samde, er det såkalla tilbakefallsordning, altså dagens ordning, som gjeld.

Tonen mellom partane var likevel ikkje nemneverdig betre etter semja enn før.

– Denne konflikten har med all klårleik vist at KS ikkje har den naudsynte kompetansen på skule. No må kommunane som skuleeigarar lytta til lærarane lokalt og bidra til å byggja opp den tilliten KS har bygd ned, sa forbundsleiar Anne Finborud i Skolenes landsforbund måndag morgon.

LES OGSÅ: Røe Isaksen vil løysa tillitskrisa

– Læraropprør
Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied skildrar streiken som eit læraropprør, og bed kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) om å ta grep for å sørgja for ein samanheng mellom det politikarane seier på riksplan og det lærarane vert møtt med på jobben.

– Det viktige no er at skolen får klare og tydelege rammer. Lærarane vil ha meir enn flotte ord frå sentrale politikarar, dei vil ha handling, seier Lied.

Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS er ikkje samd i at streiken var eit opprør mot kommuneorganisasjonen.

– For oss handlar ikkje dette primært om mistillit mellom lærarane og KS. Noko av frustrasjonen skuldast pålegg og forventningar skapt av regjering og storting. Dette vert tillagt KS med urette, meiner ho.

Kunnskapsminister Isaksen seier til NTB at regjeringa allereie jobbar med å fjerna ei rekkje «tidstjuvar» som fyller arbeidskvardagen til lærarane. Han seier han er open for innspel for endringar frå lærarane. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE