Alle ordførarane i Telemark står samla bak eit utsegn der dei tek avstand frå mobbing av politikarar. – Det er ein trussel mot lokaldemokratiet, seier dei.

Stein Olav Lie, Vest-Telemark Blad
Stein Olav Lie, Vest-Telemark Blad

– Det har kome mange oppgulp frå djupet som skremmer potensielt dyktige politikarar frå å stille seg til disposisjon. I tillegg er det fleire av dagens politikarar som har følt mobbing på kroppen. Ein av ordføraren i fylket vårt har motteke drapstruslar, og ein annan har via ei anonym Facebook-gruppe fått beskjed om at folk ynskjer å bli kvitt personen. Me kan ikkje ha det slik, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).

LES OGSÅ: Kva er vitsen med lokalpolitikk, Geir Angeltveit?

Uheldig for rekrutteringa 
Ho er open for friske og temperamenstfulle meiningsutvekslingar, men det må skje i siviliserte former. Både ho og dei andre ordførarane i Telemark er uroa for kva slike truslar og usaklege kommentarar kan bety for framtidig rekruttering av politikarar.
– Tidspunktet for å kome med utsegna er ikkje tilfeldig. No skal dei forskjellige politiske partia finne listekandidatar til neste års val, og då er det viktig at me ikkje let oss skremme av usaklege kommentarar og truslar, seier Vågslid.
Ho presiserer at ho uttaler seg på generelt grunnlag i denne saka.

LES OGSÅ: Éin av to har opplevd digital mobbing

Overskride grensa 
Ordførarane står saman om oppropet fordi dei meiner det er viktig å stø kvarandre i ei slik sak. Og sjølv om dei veit at det har sin pris å vere offentlege personar, har nivået på truslane no overskride ei grense.
– Det er ein trend som har utvikla seg negativt gjennom tid. No har det gått for langt, og tida er inne for å seie frå om at dette finn me oss ikkje i lenger, slår Vågslid fast.
– Me er opne for alle gode innspel som kan bidra til å auke det saklege nivået i dei politiske debattane. Slik det har blitt no, står ynsket om å ha tilgjengelege folkevalde i fare for å bli redusert som ein konsekvens av hets, spesielt i sosiale media. Nabokjerringa har også ansvar på sosiale medium. Me oppmodar alle til å ta del i politiske debattar, i alle medium, men samstundes seie frå dersom det er kommentarar ein reagerer på. Politisk kritikk er bra for demokratiet, her er det motsett, uttaler ordførarane i fellesskap.
– Me må hugse at det ikkje berre er den eine personen dette kan gå utover. Fleire opplever også at familien blir utsett for ubehag. Og kva rollemodellar er me når me oppfører oss på dette viset, spør Vågslid. 

LES OGSÅ: Sandra Borch tar oppgjer med nettmobbing

– Bruk hovudet 
Sjølv om ho ser på seg sjølv som ein sterk person, vedgår ho at ho har kjent det på kroppen i visse saker. Særleg då skulestrukturdebatten rasa. 
– Det er greitt med friske fråspark, men det er skremmande at terskelen, særleg på sosiale media, har blitt så låg. Bruk hovudet, oppmodar Tokke-ordføraren. 
– Me som ordførarar får trass alt betalt for å vere politikarar, men gløym ikkje alle dei andre som har politikken som hobby med eit idealistisk syn, minner ho om.

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE