Lettare å lesa Framtida.no på mobil
Framtida.no har fått såkalla responsiv design.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no betre på mobil
I går fylte Framtida.no fire år. Dagen etter feirar nettavisa med mobiltilpassa bladbunad. Ved hjelp av såkalla responsiv design skal innhaldet no tilpassa seg skjermstorleiken til lesarane våre. Dermed blir det slutt på at ein må zooma seg inn på teksten når ein er på mobil.
– Eg håpar dette vil gjera at endå fleire vil bruka Framtida.no, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no.
Så langt i år har over 215.000 brukarar vore innom Framtida.no, ein auke på 23 prosent frå same periode i fjor. I august hadde Framtida.no over 40.000 unike brukarar, ein auke på over 30 prosent samanlikna med august i fjor.
Har du tips til korleis Framtida.no kan bli betre? Ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker her!