mm

– Me har klart å behalda fleksibiliteten lærarane treng for å gjere ein god jobb for elevane, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, i ei pressemelding.

I dag tidleg vart det klart at lærarstreiken er avblåst etter at KS og lærarorganisasjonane kom til einigheit i natt.

Avtalen – som trer i kraft 1. august 2015 – slår mellom anna fast at lærarane ikkje kan verte pålagt meir bunden tid enn i dag, men legg opp til lokale forhandlingar på kvar skule.

Det betyr at lærarane kan vere meir på skulen enn minimumskravet om dei ynskjer det.

Om skuleleiinga og lærarane ikkje er einige, vert saka sendt inn til partane på kommune- og fylkesnivå. Om dei ikkje vert einige gjeld minimumskravet for å vere på skulen – som er det same som i dag.

– Dette er ein avtale som inviterer til gode lokale prosessar og samstundes sikrar at lærarane ikkje kan overkøyrast. No vert klubbmøter og tillitsvalte viktigare enn nokon gong, uttalar Lied.

Arbeidsgjevarorganisasjonen KS kunne vore meir nøgd med resultatet av forhandlingane.

– KS skulle gjerne hatt noko meir i denne avtalen. Me skulle gjerne hatt eit anna resultat. Me meiner framleis at det at lærarane er på skulen er eit viktig punkt for å skapa eit godt læringsmiljø. Men slik situasjonen vart, er dette det beste me kunne oppnå, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen, ifølgje NRK.

Utdanningsforbundet sender no avtalen ut på uravstemming blant medlemmane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE