Knappe 40 prosent støttar lærarane i ny måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40 prosent støttar lærarane

39,3 prosent av dei spurde seier dei i stor grad har sympati med lærarane, medan 33,9 prosent sympatiserer i liten grad med yrkesgruppa, ifølgje undersøkinga som er utført av InFact onsdag kveld.

Nær 17 prosent stiller seg midt imellom, og 10 prosent svarar «veit ikkje» på spørsmålet.

Samtidig kan det sjå ut som om støtta til streiken er noko på retur. Ein tredel av dei spurde (33,3 prosent) seier sympatien deira er minkande. Men samtidig seier 27,5 prosent at sympatien for lærarane aukar. Rundt 30 prosent seier det ikkje er noko endring.

LES OGSÅ: – Det har gått prestisje i lærarstreiken

Foreldre støttar lærarane
Lærarane kan henta mykje støtte blant folk i alderen 30– 44 år, ei gruppe der mange har barn i skulealder. Heile 46,5 prosent i denne aldersgruppa sympatiserer med lærarane. Men også i denne gruppa seier 32,3 prosent at støtta er minkande, medan 26 prosent seier ho aukar.

Lærarorganisasjonen varsla onsdag ei opptrapping av aksjonen i arbeidskonflikten med kommuneorganisasjonen KS. Streiken har vart sidan før sommarferien, men kunne for alvor merkast då skulane skulle starta att i august. Frå neste veke vil rundt 9.000 lærarar vera i streik. Mange tusen elevar får ikkje undervisninga dei har krav på medan streiken går føre seg.

LES OGSÅ: Meiningslaust, urettferdig og dyrt

Tradisjonelle partimønster

Ikkje overraskande er veljarane på venstresida mest positive til krava og aksjonane frå lærarane. Blant dei som vil stemma på SV, svarar heile 81,1 prosent at dei har svært stor eller stor sympati. Støtta blant dei som seier dei vil stemma på Arbeidarpartiet, ligg på 45,8 prosent.

Frp-veljarane peikar seg ut som dei mest lærarkritiske. Heile 57,4 prosent av dei som seier dei vil stemma Frp har liten sympati, og blant Høgre-veljarane svarar 47,3 prosent det same. Samtidig seier 29,6 av dei som støttar partiet til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at dei har stor eller svært stor sympati med lærarane.

Blant dei som sluttar seg til støttepartia til regjeringa Kristeleg Folkeparti og Venstre, ligg lærarsympatien på rundt 53 prosent.