...men også lønsamt. Det var bodskapen til både oljeanalytikar Thina Saltvedt og investor Jens Ulltveit-Moe under tankesmia Agendas klimamøte i går.

Tankesmia Agenda hadde fylt opp Kulturhuset i Oslo i går, då deira første frukostmøte gjekk av stabelen.

Temaet som trekte morgonfuglane til Youngstorget var klima, olje og investeringar, eller nærmare bestemt; korleis skal Noreg bli eit lågutsleppssamfunn?

Ventar eit skifte
For å nå FN-målet om maks to grader temperaturauke, må fornybare energikjelder i stor grad ta over for dei fossile kjeldene. Ifølgje energibyrået til OECD, IEA, inneber det at minst to tredjedelar av verdas oppdaga kol-, olje- og gassressursar vert liggjande under bakken.

På verdsbasis byrjar grøne alternativ å bli konkurransedyktige på pris. Til dømes er straum frå solceller no billegare enn straum frå andre kjelder i minst 79 land, og i Danmark er vindenergi billegare enn kolkraft. Kvart år vert den grøne teknologien billegare og meir fleksibel, hevda WWF-leiar Nina Jensen nyleg.

Samstundes som stadig fleire snakkar om ´det grøne skiftet´, byrjar Noreg å hamne bakpå, ifølgje tankesmia Agenda. Vi held fram med å sende dei beste hovuda til oljeindustrien, å opne nye område for boring, og vi investerer årleg 200 milliardar kroner i sektoren.

– Investeringane i ein grønare økonomi er lommerusk i forhold, heiter det på nettsidene til tankesmia.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Kristin Halvorsen, som har gått frå SV-leiar til Cicero-sjef, opna frukostmøtet med å slå fast at om klimaendringar skjer eller ikkje, ikkje lenger er noko å diskutere.

– Det store spørsmålet i norsk politikk er om Noreg kan vere urørt. Olje og gass må fasast ut, spørsmålet er kortid, sa Halvorsen.

– Skiftet er i gang
Oljeanalytikar i Nordea Markets, Thina Saltvedt, ser allereie ei endring blant forbrukarar, investorar og utlånarar.

– Skiftet frå fossil til fornybar energi har allereie byrja. Spørsmålet er om vi er vakne for det, sa Saltvedt under debatten.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Ho meiner oljeindustrien lukkar augo for utviklinga, trass i at sektoren er eit viktig levebrød i Noreg.

– Det er viktig at vi er med på denne trenden. Dei same hovuda som skapte oljeeventyret kan vere med på utviklinga av grøn energi, slik at Noreg kan halde fram med å vere i ein leiarposisjon, sa ho.

Saltvedt åtvara mot at sjølv om det førebels er lite alternativ til olje i transportsektoren, ein av dei viktigaste sektorane for oljeindustrien, kan endringane kome raskt:

– Det kan til dømes kome teknologiske løysingar som vil overraske oss, sa Saltvedt.

– Økonomisk riktig å investere i fornybar energi
Ein som allereie er vaken for det grøne skiftet, er investor Jens Ulltveit-Moe.

Ulltveit-Moe var lenge ein tungvektar innan i olje- og gassindustrien.  No kallar Cicero-sjef Kristin Halvorsen Jens Ulltveit-Moe ”favorittmilliardæren min”. Investoren har satsa formuen på fornybar energi, og blitt ein talsperson for å investere fornybart i staden for fossilt.

– Det er ikkje berre moralsk, men også lønsamt å investere i fornybar energi, sa Ulltveit-Moe under møtet.

– Før trudde eg at eg berre ville bli lønna i æva for å investere i fornybar energi. Men fornybar energi, som sol og vind, byrjar å kunne konkurrere på pris og kostnader. I tillegg varar fornybar energi tilnærma evig, i motsetnad til olje og gass. Risikoprofilen er også vesentleg betre i fornybart enn fossilt, sa Ulltveit-Moe, som vektla rolla marknadskrefter kan spele i omstillinga til eit lavutsleppssamfunn.

Kva er det grøne skiftet?
Andre nestleiar i LO, Hans-Christian Gabrielsen, var også blant debattantane under frukostmøtet. Han ville ikkje gå med på at LO er ein bremsekloss i det grøne skiftet.

– Kvart år forsvinn nokre jobbar, og nye vert skapt. Det same vil skje i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, og dei som ikkje heng med vil falle frå, sa Gabrielsen.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Han ønskte seg samstundes ei konkretisering av kva det grøne skiftet eigentleg vil innebere.

– LO vil ha ei sosialt forsvarleg omstilling, der arbeidarane ikkje vert kasta ut i massearbeidsløyse. Det kan innebere at vi ikkje nødvendigvis må leggje ned ein lønsam industri i påvente av noko betre. Mitt spørsmål er kva desse nye grøne jobbane eigentleg er.

Skal dei kome ut av lufta, eller skal dei kome frå det eksisterande, spurde Gabrielsen, før han sjølv svara:

– Vi må gjere all industri meir miljø- og klimavenleg. Til dette treng marknaden venlege skubb, til dømes gjennom reglar for utslepp.

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE