Leiaren i Jordmorforbundet meiner det er ein trend blant ein del gravide å slanke seg for å føde små barn, helst under tre kilo.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Denne trenden er å utsetje barnet for unødig helserisiko, og noko vi vil rå ifrå på det sterkaste, seier Hanne Schjelderup-Eriksen til Aftenposten.

– Ein annan konsekvens er at kvinner som er for tynne, oftare må gi opp å fullamme barna sine, fordi amminga er svært energikrevjande, seier Schjelderup-Eriksen, som er leiar Jordmorforbundet, faggruppa for jordmødrer i Norsk Sykepleierforbund.

LES OGSÅ: Barneteikningar kan avsløra IQ

Ny trend
Allmennlege Kari Løvendahl Mogstad, som sit i referansegruppa for barnehelse i Legeforeningen og Nasjonalt råd for fødsel og barselomsorg, er bekymra, ho òg.

– Ein av dei nye trendane blant ein del framtidige mødrer er å gå minst mogleg opp i vekt under svangerskapet, og ei av årsakene ser ut til å vere at dei ønskjer seg eit lite, nett og lett barn, seier ho.

LES OGSÅ: Tette fødslar aukar dødsrisikoen

Risiko
Løvendahl Mogstad åtvarar om at for låg fødselsvekt kan gi auka risiko for blant anna ADHD, høgt blodtrykk og metabolske sjukdommar i vaksen alder.

Gjennomsnittsvekta for nyfødde er rundt 3.500 gram, og eit nyfødt barn blir ikkje rekna som stort før det er over 4.500 gram. Likevel er det status i ein del miljø å få barn som helst skal vege under tre kilo, skriv avisa.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE