Frå bygdefyll til «Popsikkel»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vakna bloggen «Popsikkel» til liv. Det var flyttesjau i Aftenposten sine redaksjonslokale og den breie dekninga av dette i eigen avis – som fekk Anne Gunn Halvorsen til å kasta seg over tastaturet.

Bloggsikkel
Sjølv om bloggen strengt tatt har ein språkmiks av bokmål og nynorsk, er han kåra til denne vekas nynorske blogg i Framtida. Me har teke ein prat med nynorskalibiet
Anne Gunn Halvorsen, som driv bloggen med venninna Kine Jeanette Solberg.

Kvifor namnet «Popsikkel»?

Me har begge eit bankande hjarte for popkulturen, så me ville ha med ordet pop. Samstundes er det utruleg lite med visuell og innhaldsmessig glam der, så difor det litt meir neddempa sikkel, forklarar Anne Gunn i ein epost til Framtida.

Dei to tidlegare utelivsløvene, no småbarnsmødrene, bloggar med ujanmne mellomrom. I sitt eige hjørne av nettet kan journalisten Anne Gunn skrive friare enn ho kan som journalist i Dagens Næringsliv og spaltist i Haugesunds avis.

Det same gjeld medbloggar Kine, som til dagleg arbeider som tv-produsent, illustratør og musikkmeldar.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Foreldre er på nettet!
For jentene bak «Popsikkel» er bloggen fyrst og fremst ein stad der dei kan publisere akkurat det dei vil, når og om dei vil.

Det vere seg tull, satire eller berre tilfeldig rants og oppdagingar me har gjort. Det er fint å ha ein plattform kor me kan gi faen i om leserane våre forstår humoren og referansane, og bare kjøre på med den teksten me vil. Dette kan me ikkje gjere i dagjobbane våre, og det er fint å ha ein stad å berre ause ut av seg når noko berre MÅ bli sagt. Vår erfaring er at det funkar veldig bra, eg kjenner eigentleg at det er høgst naudsynt for min eigen psyke og identitet å ha ein stad der eg kan få skrive det eg vil – og få uttrykke meg på nynorsk, ikkje minst! Som journalist er det få stadar der det er mogleg, forklarar Anne Gunn.

29-åringen er ein erfaren bloggar. Fyrste bloggen starta ho allereie som 14-åring. Den handla mest om bygdefylla i Vikedal. Slik lærte ho raskt at internett er ein offentleg stad ein lærdom ho framleis dreg nytte av.

Ein ting kan ho seie vidare til alle der ute:

Foreldre er på nettet folkens!

LES FLEIRE GODE NYNORSKE BLOGGAR HER.

Bloggroulette
Det har tilsaman vorte seks ulike bloggar på den utflytta hordalendingen. Den førre bloggen – På tomannshand – var òg eit samarbeid mellom Kine og Anne Gunn. Det var noko så sjeldan som ein chatroulette-blogg, der dei to tok skjermbilete av seg sjølv og tilfeldige funn på tenesta der ein kan videochatte med framande.

Bloggen vart fødd ut av irritasjon over dei enkle, konseptuelle verdssuksessbøkene som vart selde på Urban outfitters. Difor laga dei noko tilsvarande i bloggformat. Og tru det eller ei så vart faktisk bloggen stilt ut under Volumfestivalen i Hedmark 2010.

«På tommanshånd» er ikkje oppdatert sidan i fjor, med ein bloggpost om streik grunna ny layout på chatroulette. Heile prosjektet rann rett og slett ut i sanda då IP-adressa til Anne Gunn vart stengt ute frå chatterommet.

Kva inspirerer dykk til å blogge?

Eg blogger når det er noko som MÅ ut, ofte kjens det ikkje som eg har eit val! Eg berre må sei det, og då er det fint å ha eit fora kor ein kan velje måten, lengda, deadline og målføret sjølv. At det berre er oss som står til ansvar for det.

LES OGSÅ: Ein mental og fysisk kjellar


Anonym feigheit
Er det noko de ikkje kunne ha blogga om?

Me har som ambisjon å gjere dette utan å miste dagjobbane våre, så me blogger ikkje om ting som kan forstyrre forholdet til kjelder me møter der etc. Det er jo freistande å vere anonym og slik kunne vere endå drøyare, men etter å ha sjølv blitt hetsa og drapstruga i kommentarfelt som musikkmeldar i Dagbladet meiner eg anonymitet er for feigt. Dessutan får du ikkje æra heller. Og me er nok for forfengelige til å gi slepp på det.

På spørsmål om kor mange lesarar dei har svarar Anne Gunn: «Vanlegvis ingen.»

Men ho har erfart at ting kan verte spreidd «himla raskt sjølv om ein til dagleg har ei totalt ukjent nettside med null besøkande.»

Er det noko massane har glede av så finn dei det same kor det ligg på nettet, peikar ho på.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk


Kampen for rosabloggarane
Kva er ditt beste tips til andre bloggarar?

Skriv når du vil, ikkje fordi du må halde koken og kvantiteten oppe. Heimesida døyr ikkje sjølv om den ligg brakk i nokre månadar. Folk får det med seg om det er meininga. Ps. Dette gjeld ikkje deg Fotballfrue, du MÅ oppdatere to gonger til dagen elles klikkar det for meg! spøkar Anne Gunn.

Sjølv les ho heller bloggar som svenske «Blondinbella» og populære «Fotballfrue», enn foreldrebloggar – som lettare kan relaterast til hennar eige liv.

«Blondinbella» fordi eg er mektig imponert over korleis ho fortel historia om seg sjølv. «Fotballfrue» fordi ho er så fjernt frå mitt liv at eg aldri føler meg truga eller får dårleg sjølvtillit det er berre underhaldande og eksotisk. Bloggar for meg er det vekebladet og den såpeserien eg elles ikkje bruker tid og pengar på. Og eg går i krigen for dei såkalla og utskjelte rosabloggarane anytime! Altfor mange unge jenter har blitt mobba til taushet medan vaksne (mediafolk) har ledd med. Dei fleste som rakkar ned på dei rosa bloggarane har sjølve ikkje lest dei, og kritiserer dei for alskens dei ikkje er skuldig i, meiner journalisten, som kan snakke lengje om temaet.

Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane de får?

Folk som deler på Twitter og Facebook <3 Men elles er målet å ikkje vere (for mykje) tilbakemeldingsjunkie. Då forsvinn litt av fridomen. Først og fremst vil eg berre ha ut teksta slik at den ligg ein stad og når framtida kjem kan eg seie at: «Sjå, dette meinte eg for fire månadar sidan! »

Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane de får?

Det har hendt at folk har blitt omtalt og lei seg. Det vert eg stressa av, men det er jo slik det av og til må vere, leiken og steiken og alt det der, avsluttar hobbybloggaren.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.