To kommunar – åtte millionar kilo søppel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

– Vi kastar som aldri før, konkluderer Statistisk sentralbyrå etter å ha publisert avfall-tala for2013. I gjennomsnitt kasta kvar nordmann tolv kilo meir enn året før, og ein er dermed oppe i 441 per snute her til lands. Og då snakkar vi berre om hushaldsavfall.

– Mengda per innbyggjar er nesten dobla sidan 1992, opplyser byrået.

Det er også offentleggjort søppeltal som er broten ned på kommunenivå, og her framkjem det at Ørsta og Volda går mot straumen, då mengda avfall per innbyggjar faktisk har gått ned med fem kilo det siste året.

LES OGSÅ: Beiter oss til betre tider

Tonnevis
Det er vanskeleg å sjå for seg dei enorme mengdene med avfall. Berre i Ørsta snakkar vi om utrulege 4.296.000 kilo med hushaldsavfall. Det er altså 4,3 tusen tonn. I Volda blei det kastet 3.627.000 kilo i løpet av fjoråret – totalt 7,9 tusen tonn i dei to kommunane.

– Mengdene består av hushaldsavfall inkludert avfall frå hytter og grovavfall frå gjenvinningsstasjoner, mens næringsavfall ikkje rekna med, forklarer SSB.

Tala som viser avfall per innbyggjar er justerte for hytteabonnementer.

– I følgje statistikk over bruk av fritidsbustader, så blir kvar hytte nytta i snitt omlag én måned per år, av tre personar. Ei hytte tilsvarer dermed 0,25 fastbuande, og vi har såleis lagt til én innbyggjar for kvart fjerde hytteabonnement, forklarer rådgivar Eva Vinju i SSB.

Dermed har Ørsta eit ”innbyggjetal” på 10.608 i denne oversikta for 2013, mens Volda tel 8.953 personar.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Avfall i Ørsta
Med dette som utgangspunkt kan vi slå fast at kvar innbyggjar i Ørsta og Volda kastar 406 kilo avfall berre på eitt år. I gjennomsnitt kastar kvar nordmann 441 kilo, så ein kan trygt slå fast at mengdene er ein del mindre her hos oss.

Det er mange kommunar som har interkommunalt samarbeid på renovasjon. Desse data blir rapporterte samla frå avfallsselskapa for alle medlemskommunane, som i Ørsta og Volda.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Geografiske ulikskapar
Det er ganske store geografiske forskjellar i avfallstatistikken. Ein trur at dette ofte handlar om alderssamansetjing og inntektsnivå å gjere.

Hvaler kommune i Østfold er suverent på avfallstoppen i Noreg med 889 kilo per innbyggjar. Siljan kommune i Telemark har innbyggjarar som berre kasta 243 kilo hushaldsavfall i fjor.

– Skiljet mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Det kan vere levesett, alderssamansetjing, mogeleg handtering av avfall på eigen eigedom eller forskjellige måtar å registrere avfallet på, forklarer SSB.

Det er folka i Nord-Noreg som kastar klart minst. Troms fylke har eit snitt på 356 kilo per innbyggjar. På toppen av dynga finn vi Buskerud med heile 541 kilo i snitt. Vestfold (531) og Vest-Agder (523) er ikkje langt etter. I Møre og Romsdal er gjennomsnittet på 422 kilo, som er tre kilo meir enn året før.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Middagsrestar
Nyleg gjennomførde Østlandsforskning, Mepex Consult og SSB eit prosjekt som skulle styrkje kunnskapen om matsvinn frå norske hushald. Resultatet blei at matsvinn no beregnes til 46,3 kilo per innbyggjar. Forskinga kunne også konkludere med ei liste over kor mykje som blir kasta av dei ulike matvaregruppene. Eksempelvis kastar kvar innbyggjar 11,3 kilo frukt og grønt kvart år, og drygt ti kilo med tallerkenrestar. Justert for hytteabonnementer er det derfor forsvarleg å seie at det blir kasta 200 tonn med tallerkenrestar i Ørsta kommune – på berre eitt år.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist