Ikkje alle vil ha stemmerett

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I førre veke vart det offentleggjort kva 20 kommunar som skal vera med i det andre forsøket med stemmerett for 16-åringar.På lista står blant andre Luster og Gol – den eine hadde absolutt høgast oppslutnad ved førre val, den andre er ikkje like begeistra for prosjektet.

I Gol visste ikkje Ungdomsrådet, som er imot forsøket, at dei skulle vera med.

– Trur mange er engasjerte
Anne Marte Lindgjerde (17) bur i Luster. I 2011 var oppslutnaden for 16- og 17-åringane i kommunen på heile 82,2 prosent. Lindgjerde har tru på ein liknande iver denne gongen, men er usikker på årsaka.

– Det må vel vera ekstra engasjerte. Eg har ikkje noko godt svar på kvifor. Men eg trur mange vil stemma no og.

Ho trur at skuledebattane, der partia får vist kva dei står for, har mykje å seia for engasjementet. Sjølv har ho vore med i ungdommens kommunestyre, og skal sjølvsagt stemma. Men ho ser at ordninga har sine manglar.

– Det er ikkje alle som er like engasjerte, brukar stemmeretten på tull og stemmer på måfå. Eg veit om nokon som har gjort det, men det er ikkje så mange, seier Lindgjerde.

Så i alt er ho, etter alle solemerker i likheit med mange andre i Luster, positive til stemmerett for 16-åringane. Men slik er det ikkje i alle kommunane som er med i forsøket.

LES OGSÅ: Her skal 16-åringane få stemma

Grunn til skepsis?
Det er mange argument for og imot stemmerett for 16-åringar. Og blant dei sterkaste motargumenta er nettopp det Lindgjerde kjem innpå – at ein fryktar 16- og 17-åringane ikkje er modne nok til å stemma, og at dei vil stemma useriøst.

Problemstillinga er ikkje ny. I 2011 tok me føre oss debattane som hadde dukka opp tidlegare, blant anna den gongen det vart diskutert om 18-åringane skulle få stemma, noko som vart bestemt i 1978.

Den gong skreiv blant andre Aftenposten om spørsmålet, og det vart trekt skremmande parallellar til Canada, «hvor senket stemmerettsalder og lavere aldersgrense for kjøp av alkohol fikk nærmest katastrofale følger for landet».

Fullt så ille er det ikkje, men motspørsmålet er meir enn gjeldande – er 16-åringane modne nok til å sitja med det ansvaret som følger med stemmeretten?

LES OGSÅ: Fallos på Moster

Vil ikkje stemma
Nei, meiner blant andre Gol Ungdomsråd. Gol er og ein av kommunane som skal vera med i forsøket ved neste kommune- og fylkestingsval, og ungdomsrådet er skeptiske. Dei sa nei.

Likevel er Gol med på forsøket, noko ungdomsrådet ikkje hadde fått beskjed om.

– Litt av grunnen til at me sa nei var at me var litt bekymra for at til dømes ein venegjeng skulle gå i flokk, og at fleire skulle stemma eit parti fordi han eller ho gjer det.

Han peiker på manglande engasjement, eit vanleg motargument, som ein av grunnane til at Ungdomsrådet sa nei.

– Ville ikkje ungdommen heller lata vera å stemma, om dei var uengasjerte?

– Jo, kanskje. Men her på Gol er det ein del folk som har evner til å overtala. Så stemmer resten av gjengen på eit parti for å hjelpa venen sin.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandsuniversitetet bli