Vi treng meir forsking om sexkjøpslova

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje kutt ut sexkjøpslova

Sist måndag satt eg i eintv-sendt debatt med leiarane i dei andre ungdomspartia i Arendal. Det heile pangstarta med dagsaktuell debatt om sexkjøpslova. Sjølv fekk eg berre snakka i tjue sekunder om lova og rapporten om den som kom ut same dag, og eg har eit par ting eg gjere skulle ha sagt.

I motsetning til moderpartiet vårt som i utgangspunktet vil avvikla sexkjøpslova, er vi i Grøn Ungdom positive til den. Rapporten tok for seg om omfanget av prostitusjon har gått ned, og konkluderer positivt. Enno betre, lova ser og ut til å styrka hallikparagrafen og lov mot menneskehandel.

Men rapporten gir ikkje gode nok svar på alle spørsmål. Det manglar undersøkingar på om voldsbruken har auka eller gått ned, sjølv om indikasjonane er gode. Forskarane seier og at det er for tidleg å konkludere på om det har skjedd ei endring i befolkninga si haldning til sexkjøp, sjølv om det her og ser ut til å gå i riktig retning.

Det som bekymrar meg mest i debatten som har gått den siste veka, både mellom ungdomspartia og elles, er at dei ulike partia ser ut til å stå bomfast på dei same standpunkta som dei hadde før rapporten kom ut. Var ein for, så er ein for. Dei som er for viser til dei gode resultata i rapporten, dei som er mot viser til at tala er usikre. Begge har rett.

Hastverk er lastverk, og den fyrste rapporten strekk ikkje til. Eg kunne ynskje Stortinget kunne gi seg sjølv betre tid og få fleire fakta på bordet før dei tek steget og avviklar ei lov som i beste fall kan vere med på å beskytta prostituerte og få redusert omfanget av menneskehandel. Vi bør gje lova meir tid til å virke, og arbeide for at ho skal handhevast betre.

Etter det er gjort, og uansett om lova blir avvikla eller ikkje, er det jo enno viktigare å sørge for alternative inntektskjelder for dei som i dag prostituerer seg. Fleirtalet av dei som gjer det, gjer det fordi dei ser det som einaste handlingsalternativ.

Målet må vere å jobbe for eit samfunn der ingen treng å prostituere seg, då er det viktig å finne ut meir om konsekvensane av sexkjøpslova og enno viktigare å finne alternativ for dei som ser inntektsgrunnlaget sitt forsvinne.