Tok utfordringa frå Elsafadi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No skal eg gje dykk ei utfordring. De får 30 sekund frå eg klappar, til å finna ut om de vil ta ordet i denne forsamlinga. Og de må vera innhald i det de seier, det skal ikkje berre vera tull, seier Marco Elsafadi.

Han heldt tysdag føremiddag foredrag i Stord kulturhus, som ein del av eit opplegg om ein mjuk skulestart for elevane ved Stord vidaregåande skule.

Elsafadi har jobba med ungdommar som slit med rus, sjølvskading og liknande problem i 20 år, men han er kanskje mest kjent som deltakar i tv-programmet «Mesternes Mester» på NRK, og som basketballspelar på øvste nivå i Norge.

– Eg kom til Norge som flyktning då eg var ti år. Eg hadde ingen venner, og eg kunne ikkje språket, fortalde Elsafadi i foredraget, som har tittelen «Om vennskap, meistring og sjølvtillit».

Han gav elevane i lekse å helsa på alle dei rundt seg på skulen, også dei som kanskje har det litt vanskeleg. Han utfordra også alle til å gjera éin vanskeleg ting, kvar veke, i fire veker framover.

– Det skal vera noko du veit du har godt av, men som du ikkje har så lyst til, sa Elsafadi i foredraget.

Han fekk ståande applaus då han var ferdig.

– Eg likte foredraget hans, og eg likte det han sa om at du berre skal gjera ting, utan å tenkja for mykje over det først, seier Henrik Zahl Pettersen (17) etter foredraget.

Han var den som først reiste seg i salen, for å ta ordet etter Elsafadi. Foredragshaldaren uttrykte at han var godt nøgd med innsatsen frå 17-åringen.

– Eg vil berre oppmoda dykk til å komma å sjå musikklinja si førestilling om Hakkebakkeskogen i helga som kjem, sa han, då han greip mikrofonen.

– Var du nervøs? spurde Elsafadi etterpå.

– Ja, litt, måtte Zahl Pettersen innrømma.

Les saka i Sunnhordland!