Leiter på ekstreme stader etter nye antibiotika-håp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekstrem antibiotikajakt

Å skjemme bort bladskjærarmaur med duftande roseblad og ferske appelsinar verkar kanskje som ein uvanleg metode for å redde moderne medisin, men forskarar på ein lab i England meiner det er verdt å prøve.

Verda over er det eit skrikande behov for nye former for antibiotika. Motstandsdyktige bakteriar er eit aukande problem globalt og i Noreg, sa helseminister Bent Høie (H) denne veka, då han fekk overlevert ein ny rapport om moglege verkemiddel. Om lag 25.000 personar døyr som følgje av antibiotikaresistens i EU/EØS-området kvart år.

LES OGSÅ: Dette har du aldri lurt på

Vender tilbake til naturen

Forskarane ved forskingssenteret John Innes Centre i Norwich vil møte utfordringa ved å sjå på bakteriar trekte ut frå magen til pinnedyr-insekt og karminspinnerlarven, som begge et giftige planter.

Mange innan forskingsfeltet vender tilbake til naturen. Dei leter fjerne og obskure stader, som på innsida av insekt, på dei djupaste havdjup eller i dei tørraste ørkenar i håp om at naturen vil avsløre nokre kjemiske hemmelegheiter som kan leie til utvikling av nye medisinar.

 – Naturlege produkt tapte merksemda til fordel for det farmasøytiske feltet, men no er det på tide å vende tilbake, seier Mervyn Bibb, professor i molekylær mikrobiologi ved forskingssenteret.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst