– Stikk på pungen er ikkje verst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar er det verst å bli stukke av ein veps eller ei bie? Doktorgradsstipendiaten Michael Smith ved Cornell University i USA har tatt eigen kropp i bruk for å systematisk finna ut kvar det er verst å bli stukke.

Gjennom 38 dagar med smerte og frivillig stikking, testa han ut kvar på kroppen det er verst å bli stukke. Forskaren let seg stikka 25 ulike stader på kroppen av honningbier. Og for å vera på den sikre sida let han seg stikka tre gonger på kvar stad for å vera sikker på resultatet. Rapporten blei publisert i netttidsskriftet PeerJ tidlegare i år, og seinare omtalt av avisa The Independent.

LES OGSÅ: Plantene kan ”høyra” at dei blir spist

Aller verst er det å bli stukke i nasebora. På ein smerteskala frå ein til ti, fekk nasebora ni. På plassane bak kjem overleppa (8,7) og penis (7,3).

Då Smith skulle stikka seg for tredje gong i nasebora hadde han ikkje lyst til å fullføra eksperimentet:

– Det var ikkje gøy. Kroppen reagerer verkeleg. Du nys, blir tungpusta og tårene strøymer på, sa han, ifølgje The Independent.

Michael Smith, som til vanleg forskar på koloniar av bier, byrja på eksperimentet etter å ha bli stukken i pungen ved eit uhell. Nokre dagar før hadde han prata med vegleiaren sin om kor det ville vore verst å bli stukken.

LES OGSÅ: Sensasjonelt edderkoppfunn i Gudbrandsdalen

– Me spekulerte i om det ville vera ballane. Men då eg blei stukken i pungen, var det ikkje så vondt som eg venta, sa Michael Smith.

Han rangerer stikk på pungen likt med stikk i armhula, kinnet og handflata – som ein sjuar på smerteskalaen. 

Minst smerte gir stikk på skallen, tuppen av mellomste tåa og overarmen – alle med 2,3 på smerteskalaen.

LES OGSÅ: Derfor forsvinn biene

Bildet under viser kvar på kroppen forskaren let seg stikka. Henta med løyve frå PeerJ:

LES OGSÅ:

Faktaboks

Så vondt er det å bli stukke på forskjellige stader på kroppen på ein skala frå 1-10:

Nasebora: 9
Overleppa: 8,7
Penisskaftet: 7,3
Pungen: 7
Armhula: 7
Kinnet: 7
Handflata: 7
Brystvorta: 6,7
Fingertupp: 6,7
Bak øyra: 5,3

Sjå heile tabellen her!