Utdanningsforbundet trappar opp streiken med verknad frå torsdag. Då vil ytterlegare 2.200 lærarar bli tatt ut.

NPK-NTB-Per Christensen
NPK-NTB-Per Christensen

Lærarstreiken vil slå inn med full effekt frå måndag og vert skjerpa utover i veka. Då vil 2. 200 lærarar bli tatt ut, i tillegg til 5. 500 som allereie er i streik,

Siste maratonrunde hos Riksmeklaren kollapsa, og tusenvis av elevar og foreldre må bu seg på uvanlege dagar til veka. Også lærarar i barneskulen blir ramma i neste uttaksrunde.

Stemninga hos partane var litt avventande fredag morgon etter at den intense meklingsrunden over fire dagar braut saman kvelden før. Ingen nye møte var avtalt, men allereie ved 15-tida kom meldinga om ei utviding av konflikten.

Forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes, seier til NTB at han framleis ikkje oppfattar situasjonen slik at det er KS' tur til å leggje ytterlegare forslag på bordet.

LES OGSÅ: Lite verdsatt, men høg trivsel

Kan framleis avvergjast
– Begge partar har komme med det dei har. Det kan sjå ut som om vi går mot brei skulestart måndag med 5.500 lærarar i streik. Men det er framleis mogleg å avverje at tusenvis av elevar og foreldre blir ramma, seier Sundnes.

Han synest påstanden frå Utdanningsforbundet om at KS ikkje forstår alvoret og ikkje har rikka seg, er urimeleg.

Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied seier at grunnlaget for ein avtale ikkje var der kvelden før og at streiken dermed går sin gong.

– Vi prøvde og prøvde, men kom ingen veg, seier forbundsleiaren.

Arbeidskonflikten starta forsiktig midt i sommarferien med 36 streikande lærarar ved ein skule i Bergen. Så vart det meir alvor 11. august, då 5.500 lærarar med gule vestar og streikemateriell vart sende til skuleporten og ut på stands. Fredag kom varselet om ytterlegare 2.200 med verknad fire dagar seinare.

Ny fase
Det er framleis høvesvis få elevar som er ramma av streiken. Det vil derimot endre seg brått måndag, då det er skulestart nesten over heile landet. Førsteklassingane er inntil vidare skjerma, men også barneskulen må bu seg på urolege tider, i tillegg til ungdomsskulen og vidaregåande.

Lied og hennar streikestab vurderer opptrapping fortløpande og kasta ikkje bort tida då brotet med KS var eit faktum torsdag kveld.

– Slik eg ser det, vil det neppe skje noko tilnærming gjennom helga, dersom då ikkje KS legg noko substansielt på bordet. Og det handlar om meir enn dei 7,5 timane med arbeidstid på skulen, som vi er blitt latterleggjort for under sommaren. Det gjeld heile tillitsforholdet mellom KS og lærarane, og moglegheita til å gi elevane fleksibel læring, i samsvar med deira behov, seier Lied.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

Fri vilje
KS foreslår bruk av Rikslønnsnemnda for å få lønnsoppgjeret i hamn. Men det å kople inn dette tvisteorganet, byggjer på fri vilje, og lærarane seier førebels blankt nei.

Riksmeklar Nils Dalseide seier seg klar til å halde fram arbeidet med å finne ei løysing, vel å merke når det er grunnlag for å jobbe vidare. Det er partane som må be Riksmeklaren om å engasjere seg på nytt.

Tvungen lønnsnemnd er heller ingen opsjon enno. Statsminister Erna Solberg (H) påpeiker at det er strenge, internasjonalt regulerte krav som må vere innfridd for at regjeringa skal kunne gripe inn med tvungen lønnsnemnd mot streiken.

I praksis er det først når ein streik truar liv og helse, eller når andre tilsvarande, tungtvegande samfunnsomsyn tilseier det, at ho kan stogge streiken med tvang.

– Det betyr at det i skulesektoren kan ta lang tid. Derfor håpar eg at ingen av partane spekulerer i at det skal skje, og at dei tar det ansvaret dei har for å sørgje for å finne ei løysing, seier Solberg i Politisk kvarter på NRK.

LES OGSÅ: Opp til kvar skule kva elevane skal gjere

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE