Bot, ikkje betring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mai i år slapp ein 59 år gamal mann ut frå Ila fengsel. Då hadde han sete inne i 21 år etter å ha valdteke og drepe ei kvinne på 52 år medan han var frigjeven på prøve. Opphavleg sat han inne for å ha valdteke ei anna kvinne. No er han sikta for å ha valdteke endå ei kvinne. I 1994 vart mannen dømd til 21 års fengsel og ti års sikring. Sikringa fekk han av di lagmannsretten meinte det var nærliggjande fare for at han kom til å gjera fleire seksuelt motiverte brotsverk. Men Noreg fekk internasjonal kritikk for å nytta sikring, og saka til mannen kom difor opp i rettssystemet att. Då saka kom opp att i tingretten, vart han dømd til forvaring i femten år med ei minstetid på fire år og seks månader. Men saka vart anka til lagmannsretten, og der kom dei i 2004 fram til at han ikkje trong forvaring likevel. Dei sakkunnige meinte det ikkje var naudsynt med forvaring, jamvel om mannen hadde vorte straffedømd tolv gonger, mellom anna for fire valdtekter og eit drap. Kvifor meinte dei sakkunnige at han ikkje var ein fare for samfunnet? Av di han no hadde tilpassa seg.

I fengslet hadde han slutta å drikka, noko som hadde vore eit gjennomgåande problem for mannen tidlegare i livet. Han hadde ei «eksplosiv» personlegdomsforstyrring, men i terapi hadde han lært seg å tala om kjenslene sine. Og, viktigast av alt, no hadde han byrja å arbeida og passa betre inn: «Han har blant annet arbeidet i ‘utegjengen’, noe som innebærer at han arbeider utenfor anstalten en stor del av arbeidsdagen. Det har ikke vært noe å utsette på ham i forbindelse med permisjoner og andre opphold utenfor fengselet der han i det siste året også har vært uten følge», skreiv dei i domen.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Brotsverk og straff
«There is no such thing as society» («Det finst ikkje noko samfunn»), sa som kjent Margaret Thatcher ein gong i tida. Det ho meinte med det, var at dette som vert kalla samfunn, djupast sett ikkje er noko anna enn ei gruppe individ, og at det er individet ein må taka omsyn til og tenkja på når staten skal leggja til rette og laga lover.

I rettssalen i Noreg er det motsett: Ein jamfører fridomen til illgjerningsmannen med fridomen til samfunnet når ein skal døma nokon til straff, og det er samfunnet som reagerer når det skjer eit brotsverk, skal ein tru lærebøkene i strafferett. Som professor Johs. Andenæs skreiv i boka Straff, almenprevensjon og kriminalpolitikk: «Voldtektsforbrytelser og andre sedelighetsforbrytelser så ikke ut å øke i særlig grad under den politiløse tid i København. Det er dog vanskelig å beregne hvordan en slappelse av samfunnets reaksjon ville virke på lang sikt.»

Men kven er dette samfunnet? Kva trøyst er det for kvinna som vart valdteken av den 59 år gamle mannen som slapp ut i mai at reaksjonen til samfunnet kanskje ikkje har so mykje å seia – kva gjer samfunnet for henne no?

Johs. Andenæs meinte kriminologane i hovudsak tok utgangspunkt i at straff ikkje verkar: «På den ene side har vi de som holder på autoritet, strenghet og straff, på den annen side de som holder på forståelse, behandling og sosiale velferdstiltak. Kriminologene hører oftest til den siste gruppe, og deres reformiver leder undertiden til kategoriske uttalelser, fremsatt som vitenskapelige kjensgjerninger», skreiv han alt i 1966.

Andenæs meinte metoden til kriminologane bygde på ei feilslutning av di dei berre såg på kriminelle i staden for å undersøkja heile folkesetnaden: «Når en person begår en forbrytelse, viser det at almenprevensjonen har sviktet i dette tilfelle. Intervjuer jeg 1000 fanger i fengslet, har jeg skaffet meg kjennskap til like mange tilfelle hvor almenprevensjonen har sviktet. Men jeg kan ikke derav dra noen slutning om at den har vært uten betydning for alle dem som ikke har begått forbrytelser», skreiv han vidare.

Korleis har det gått sidan då? Trur kriminologane framleis at straff ikkje har nokon effekt?

LES OGSÅ: Manglar fangar – legg ned fengsel

Utilitarisme
– Når det gjeld makta til kriminologane, må ein i røynda sjå endå lenger bakover i tid, seier filosof og jurist i Civita, Morten Kinander, som er fyrsteamanuensis i jus ved Handelshøyskolen BI. Han har tidlegare teke til ords for å sjå kritisk på straffeomgrepet i Noreg.

– Det låge straffenivået i Noreg sameksisterer med svært lite kriminalitet, men ein veit jo ikkje heilt om det er difor det er lite kriminalitet, altso at ein har lite kriminalitet av di ein har låge straffer. Men tanken om at straff helst ikkje skal nyttast i det heile teke, har stått sterkt i Noreg; ein trur på at illgjerningsmannen skal koma ut som eit betre menneske om han får skikkeleg handsaming. Og det er sjølvsagt rett at det er meir lønsamt for samfunnet når det fungerer slik, men det vitskaplege grunnlaget for å hevda at det faktisk fungerer slik, er tunt, og nett det har vore problemet til kriminologane.

Norsk strafferett har ein lang tradisjon i å grunngjeva straffa i prevensjon, altso individualprevensjon og ålmennprevensjon, med andre ord avskrekking, fortel Kinander. Han meiner at attgjelding hadde vore eit betre alternativ av di attgjelding er eit betalingsperspektiv der ein vert straffa av di ein har gjort noko gale, ikkje for å hindra andre i å gjera noko gale.

I fjor skreiv han artikkelen «Straffens begrep og begrunnelse i norsk rett – en kritikk», som vart nominert til årets vitskaplege fagartikkel 2013, same kva disiplin. Saka var populær. I teksta skriv Kinander mellom anna at «de moderne prevensjonsteoriene har sitt utgangspunkt i utilitarismen og nyttetenkningen til John Stuart Mill og særlig Jeremy Bentham, som i Principles of morals and legislation knesatte prinsippet om prevensjonen som straffens eneste legitime begrunnelse. Denne teorien var basert på utilitaristenes generelle moral­filosofi, som i bunn og grunn var en tilskrivelse av moralitet til den handlingen som frembring­er mest samfunnsmessig lykke, nytte eller velferd».

Kva meiner han med det?

– Utilitarismen voks fram på slutten av 1700-talet og i byrjinga av 1800-talet som ein freistnad på å gjera det engelske straffesystemet mindre brutalt, seier Kinander.– Korleis kan ei slik nyttetenkjing om straff vera mindre brutal?

– Sidan det å straffa i seg sjølv inneber ein reduksjon i velferd for den straffedømde, må føremålet til straffa vera å vega opp for lidinga til den dømde ved å visa til positive verknader for andre og for illgjerningsmannen sjølv på lang sikt. Bentham er ikkje nokon sterk forsvarar av dei ukrenkjelege rettane til individet. Tvert om: I eit slikt moralsk univers kan ein i prinsippet ofra eit mindretal på altaret til fleirtalet om det fører til mest nyttemaksimering, seier Kinander.

LES OGSÅ: Vil leige svenske fengselsplassar

Sviktande empiri
I 2002 kom det ut ei NOU (Norsk offentleg utgreiing) der straffelovkommisjonen kom med eit framlegg til ny straffelov. Der skreiv dei: «På mer prinsipielt grunnlag kan man spørre om det ikke også bør kunne tas rene prevensjonshensyn selv om disse skulle komme i konflikt med rettferdighetshensyn. Når det er den alminnelig aksepterte oppfatning at selve straffesystemet er forankret i samfunnsnytten, kan man spørre om det ikke er naturlig at den nærmere innretningen av systemet også skjer på bakgrunn av nyttebetraktninger.»

Kinander tykkjer sitatet er oppsiktsvekkjande.

– Her gjer dei framlegg om å setja samfunnsnytte framfor rettferd. Individa har i ein rettsstat krav på ikkje å verta nytta som eit middel for å nå noko anna, seier Kinander.

Han meiner det vantar empirisk grunnlag for å hevda at straff verkar avskrekkande.

– Anten orkar ein ikkje å gjera ei empirisk etterrøkjing av verknaden til straffa, eller så har det synt seg vanskeleg reint faktisk å dokumentera resultata ein har ynskt seg, utan at ein av den grunn vil gjeva opp trua på at det verkar.

Kinander meiner narkotikalovgjevinga er eit godt døme. Noreg har mellom dei strengaste straffene i Europa for narkotika. Samstundes ligg me på toppen i Europa over talet på tunge rusmisbrukarar, overdosar og dødsfall.

– Er det nokon som trur at narkomane les Retstidendes høgsterettsavgjerder, og at etterforskingstida gjer at folk gløymer at narkotika er lovstridig? Men trua på ålmennprevensjonen står so sterkt i norsk rett at det vert vanskeleg å gjera om på tradisjonen, jamvel om både tradisjonen og grunngjevinga openbert er absurde.

LES OGSÅ: – Viktig å avmytifisere dei i fengsel

Sosial styring
Tanken på å nytta straff som eit sosialt frametterverkande instrument skriv seg attende til positivismen på 1900-talet, det er den sosiale ingeniørkunsten, meiner Kinander. Det var naturleg å nytta prevensjon som grunn for straff i ei tid der dei empiriske vitskapane skulle liggja til grunn for kva som var rettvis samfunnsstyring.

Men når samfunnsnytta er den viktigaste grunnen til å straffa nokon, er det i teorien heilt vilkårleg om ein kan prova at illgjerningsmannen er skuldig, seier Kinander.

– Slik dømer Høgsterett òg når dei gjev nokon fengselsstraff for saker som tidlegare berre har gjeve samfunnsteneste «for å setja eit døme».

– Men kva er alternativet? Hadde det vore betre å tenkja på straff som hemn?

– Det ein i det minste kan vera ærleg om, er at ein til dels i valdtektssaker og liknande alt har ein slags attgjeldingspraksis. Ein kunne tenkja seg ein meir moralsk strafferett der ein klemmer hardare til i moralsk forkastelege handlingar, utan tanke på handsaming, og so kan ein letta litt opp på andre ting. I Noreg er ein redd for å argumentera moralsk. I norsk rett må ein visa til påstandar som ser empiriske ut, for då vert det stovereint. Men lat oss i det minste våga å spørja om det kan vera rett, i einskilde døme, at nokon aldri bør sleppa ut.

Kinander meiner saka der den 59 år gamle mannen slapp ut og valdtok på nytt tydeleg syner korleis den moralske fordøminga er totalt fråverande i norsk strafferett.

– Rettspsykiatrane har sjølve medgjeve at prognosar for framtidig åtferd er veldig upålitelege. Det vitskaplege grunnlaget er dårleg, naturleg nok, for det er noko av det mest komplekse ein kan forska på. Her har me gjort knefall for kvasiempirisk vitskap i staden for å koma med moralsk fordøming av illgjerningane, noko som hadde vore naturleg.

Saka var først publisert i Dag og Tid.