Unge mest nøgde med helsevesenet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge nøgd med helsevesenet

Vel 57 prosent av dei spurde mellom 18 og 29 år svarer at dei er svært godt eller godt fornøgde med helsestellet. For alle aldersgruppene er det 53,8 prosent som svarer det same, mens 12,5 prosent er lite eller svært lite fornøgde, viser undersøkinga, som InFact har gjort for VG.

LES OGSÅ: Helsevesenet veks med forventingane våre

Drygt halvparten av alle deltakarane i undersøkinga er over middels tilfredse med helsestellet, men samtidig svarer sju av ti ja på spørsmål om dei har tillit til det norske helsevesenet. 71,3 prosent av mennene stadfestar det, mens 67,1 prosent av kvinnene gjer det same.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helse

Blant dei yngste – aldersgruppa mellom 18 og 29 år – er det 72,9 prosent som oppgir at dei har tillit. Prosentdelen er enda høgare i aldersgruppa over 65 år. 74,3 prosent av dei har tillit.

Dei mest skeptiske er aldersgruppa 30– 44 år. 65,7 prosent av dei seier dei har tillit til helsevesenet.