Lærer naturfag gjennom opera

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er heilt imponert over korleis det går an å kombinera musikk og naturfag på denne måten. Eg har vore med og laga liknande operaprosjekt før, men då har det som regel vore med mykje meir abstrakte tema, seier Oscar Rodriguez.

Den portugisiske musikaren og komponisten har denne veka vore på Rommetveit, der han saman med folk frå seks andre land har jobba med prosjektet «Write a Science Opera». Målet er at han skal ta lærdommane frå prosjektet med tilbake til heimlandet, der elevar i alderen 11–13 år skal laga sine eigne operaprosjekt.

LES OGSÅ: Nynorsk storm i Operaen

Lærer undervegs
Men det er slettes ikkje berre musikarar og musikklærarar som har vore i sving i aulaen på høgskulen denne veka. Førsteamanuensis Oded Ben-Horin ved Høgskolen Stord/Haugesund fortel at prosjektet skal bidra til å byggja bruer mellom kunst- og naturfaglærar, og at det difor også er deltakarar som hovudsakleg jobbar med naturfag.

Blant dei som har fint lite musikk i den vanlege arbeidskvardagen, er Marianne Ødegaard. Ho er professor ved Institutt for lærarutdanning ved Universitet i Oslo, der ho forskar på ulike måtar å undervisa i naturfag. Ødegaard meiner elevane kan få med seg mykje naturfag gjennom eit operaprosjekt, sjølv om sjølve framsyninga ikkje nødvendigvis står fram som ei undervisningsøkt.

– Ein bruker element frå naturfagsundervisninga, og får inspirasjon til å gå djupare inn i nokre emne. Slik vil ein kunna læra undervegs, medan ein jobbar med prosjektet, seier Ødegaard.

LES OGSÅ: Belsvik debuterer i Operaen

Prosjekt i Sagvåg
Dr. Richard Spencer frå England har si fordjuping i plantegenetikk, og har ikkje anna musikkbakgrunn enn at han speler litt fele på si. Etter å vore nokre dagar på Stord, gler han seg no til å komma tilbake til England, der han vil introdusera andre lærarar og studentar for metodikken han har lært.

– Det er fascinerande korleis musikken kan brukast i naturfagsundervisninga, meiner Spencer.

Temaet for framsyninga på sommarkurset på Rommetveit, er kunstig intelligens. Når to av dei norske deltakarane skal ta prosjektet med ut i Stord-skulen, er temaet kanskje litt lettare å gripa fatt i for elevane. I oktober skal nemleg Gunhild Rolfsnes og Kirsti Aksnes til Sagvåg skule for å laga opera med 3. klasse.

– Då har rektor bestemt at temaet skal vera gongetabellen, fortel Oded Ben-Horin.

Les saka og sjå fleire bilete i Bladet Sunnhordland.