– Noreg må kutte 585 prosent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein fersk rapport som organisasjonen presenterte under Arendalsuka tysdag morgon, viser at Noregs klimaansvar fram mot 2020 er tolv gonger så stort som det folketalet skulle tilseie.

Det betyr at mens folketalet i Noreg berre utgjer 0,07 prosent av verdsbefolkninga, må vi ta ansvar for 0,84 prosent av klimakutta i verda innan 2020. Dei neste ti åra minkar ansvaret ned mot 0,7 prosent.

Måtte smile

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) og forgjengaren hennar, Bård Vegar Solhjell (SV), var begge til stades og humra lett under presentasjonen på Clarion hotell i eit regntungt Arendal tysdag.

Tala som fekk dei to til spontant å trekkje på smilebanda, var overslaga om at Noreg nesten må tidoble målet om å kutte utsleppa med 30 prosent innan 2020 – til 297 prosent – og vidare opp til 585 prosent innan 2030.

– Å tenkje at nokon andre må gjere jobben, er ei oppskrift på handlingslamming. Det har vi ikkje råd til. Noreg kan og skal ta ansvar, sa Sundtoft rett etterpå.

QUIZ:Prøv deg på den store klimaquizen!

– Tent oss rike

Ifølgje rapporten er det ei mogleg for Noreg å kutte 14 prosent innanlands innan 2020 – og finansiere resten globalt. Det kostar mellom 18 og 55 milliardar kroner. Innan 2030 må kutta på heimebane halverast, mens vi må finansiere kutt globalt til ein pris på mellom 30 og 110 milliardar kroner.

– Denne rapporten stadfestar at Noreg må skalere opp klimainnsatsen sin kraftig. Mens vi har tent oss rike på å sleppe ut klimagassar, er det dei fattige i verda som lir mest under konsekvensane. Det einaste rettferdige er at vi i den rike delen av verda tar størstedelen av jobben, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp.

Rapporten er laga av Stockholm Environmental Institute og basert på rammeverket «Greenhouse Development Rights» (GDR).

Utgangspunktet er at vi må kutte så mykje at det er mogleg å nå målet om maksimalt 2 graders oppvarming, og at kvart land skal ta ein del som er rettferdig ut frå dei historiske utsleppa og det økonomiske utgangspunktet. (©NPK)

Les siste klimanytt her!