Den evige jakta på Raude Khmer

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dømt etter 35 år

To av dei tidlegare leiarane i Raude Khmer, Nuon Chea (88) og Khieu Samphan (83) fekk begge livstid i fengsel for brotsverk mot menneskjeheita det ultra-maoistiske partiet gjorde i Kambodsja mellom 1975 og 1979. I løpet av desse åra vart nær to millionar menneskjer drepne, i ei intens jakt på eit idealsamfunn under leiing av Pol Pot.

Chea og Samphan er blant dei første som har fått straff etter regimet, og Pol Pot sjølv døydde i 1998. Både Chea og Samphan har moglegheit til å anka dommen.

Dei to sat høgt oppe i Røde Khmer-regimet. Nuon Chea vart kalla «Bror nummer to», og stilte opp for Pol Pot der han ikkje kunne vera sjølv. Khieu Samphan var sitjande president under Røde Khmer.

LES OGSÅ: Beiter oss til betre tider

Ein tung prosess
Det er 17 år sidan den kambodsjanske regjeringa tok initiativ til å starta rettsprosessen mot leiarane i Raude Khmer, og for overlevande og pårørande er dommen ein stor siger, sjølv om sjølve tida i fengsel mest truleg blir kort for Nuon Chea og Khieu Samphan. Nuon Chea, som er 88 år gamal, var ikkje sterk nok til å stå oppreist under domsopplesinga måndag.

Det er fleire grunnar til at prosessen har tatt så lang tid. Ellen Stensrud, statsvitar og Kambodsja-ekspert, forklarar at prosessen er utruleg komplisert.

– Det er to fasar her. Fram til midten av 90-talet var det krig, og leiarane av Raude Khmer kunne ikkje arresterast og tiltalast. Etter dette vart det søkt om stønad frå FN til eit rettsoppgjeret, men dette har og tatt lang tid. Mykje grunna usemje om korleis prosessen skulle gå, og kven som skulle kontrollera.

Stensrud fortel at økonomi, manglande tillit, motvilje frå regjeringa og eit komplisert rettssystem er på den lange lista av grunnar til at dette har tatt så lang tid. Me prøver å gå gjennom det steg for steg.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Ei komplisert historie
Her er det naudsynt med ein rask historietime. Raude Khmer var den militante organisasjonen til Pol Pot. Målet var å bygga opp samfunnet heilt frå botnen – eit maoistisk jordbrukssamfunn var idealet, og ingen pris var for høg til å gjennomføra det.

Det førte til at nær to millionar – rundt ein fjerdedel av befolkninga i Kambodsja – døydde, anten grunna etnisk rensing og massehenrettingar, eller av hungersnød etter å ha blitt drive vekk frå heimane sine.

No kjem den kompliserte biten av historia. Men me tek det fort, og legg årstala i faktaboksen til høgre.

Pol Pot og Raude Khmer var statsleiarar i Kambodsja i fire år, før dei vart styrta av vietnamesiske styrker og avhopparar frå Raude Khmer. Då flykta dei til Vest-Kambodsja, og haldt fram krigen mot Pnom Penh, den kambodsjanske hovudstaden derifrå.

Denne konflikta var ein stor del av grunnen til at det internasjonale samfunnet ikkje greip inn tidlegare. For det første var ikkje internasjonale domstolar ordentleg etablert før utpå 90-talet, og under den kalde krigen fungerte Raude Khmer som ein buffer mot det kommunistiske Vietnam.

Det var altså først mot slutten av 90-talet det internasjonale samfunnet retta snuten mot Raude Khmer, og blant andre Bill Clinton var ute etter å få straffa leiarane medan dei framleis var i live. Det rakk han ikkje – den øvste leiaren, Pol Pot sjølv, døydde i 1998.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Motviljen
Raude Khmer vart oppløyst på slutten av 90-talet, og dette vart forhandla fram av den kambodsjanske regjeringa. Mange av toppane i Raude Khmer fekk tilbod om amnesti og offentlege posisjonar, i byte mot at dei overga seg.

– Det var for så vidt effektivt, fortel Ellen Stensrud.

Men ho legg til at den løysinga har bidrege til mykje av forsinkinga med rettsoppgjeret.

– Det er ingen tvil om at den kambodsjanske regjeringa vil halda rettsprosessen så smal som mogleg, med få tiltalte. Dei er redd for at for mange skjelett skal ramla ut av skapet, held ho fram.

Noko som gir meining. Mange av dei offentlege posisjonane tidlegare medlem av Raude Khmer fekk, var høgt oppe i kambodsjanske myndigheiter.

Denne motviljen frå den kambodsjanske regjeringa har spelt ei stor rolle i forsinkinga av rettsoppgjeret. For i slike tilfelle må det internasjonale samfunnet på bana, og då hovudsakeleg FN. At regjeringa viser motvilje, og at det eksisterande rettssystemet i Kambodsja er gjennomkorrupt frå før, gjer at FN er lite villige til å lata det kambodsjanske systemet ha særleg makt i rettsoppgjeret.

LES OGSÅ: Ebola-utbrotet er ei internasjonal krise

Økonomien
Eit anna spørsmål er sjølvsagt om pengane. Stensrud samanliknar med tribunala etter Rwanda og Joguslavia for å forklara.

– Etter Rwanda og Joguslavia hadde dei FN-budsjett, her er finansieringa basert på frivillige donasjonar frå FN-land, og difor har det blitt brukt mykje tid berre på å få tak i desse pengane.

Ho forklarar at mykje av grunnen til det manglande FN-budsjettet til tribunalet er og ein av grunnane til at det tok så lang tid før prosessen starta – den kambodsjanske regjeringa hadde ikkje tillit hos FN.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit

Kvifor er det viktig?
Nesten 40 år etter at Raude Khmer tok Pnom Penh kjem straffa for nokre få leiarar. Desse er godt oppi 80-åra, og fleire er sjuke. Mange er redde for at rettsprosessen skal ta så lang tid at ein ikkje vil rekka å gi ei straff.

Er det i det heile naudsynt å fullføra prosessen, når dei som er tiltalt likevel er så langt oppi åra? Og er det noko det Kambodsjanske folket vil, og treng?

Når det gjeld det siste, er det mykje som tyder på at det kambodsjanske folket ønskjer ei oppklaring, ifølgje Stensrud.

– Det tydelegaste er at folk vil få svar på kva som skjedde, og kvifor. Det har vore lite debatt og undervisning om tida under Raude Khmer. Men om ein går i djupna, og folk får vita kor mykje prosessen har kosta og korleis det har foregått, er det ikkje sikkert dei støttar rettsoppgjeret likevel, fortel ho.

Og det er ikkje over endå. Straffa som Nuon Chea og Khieu Samphan har fått kan ankast, og det er mykje diskusjon rundt talet på tiltalte, forklarar Stensrud. Sjølv om desse to leiarane har fått straffa si no, tyder nesten alt på at denne prosessen kjem til å vara i fleire år til.

Faktaboks

Tidslinje:

1951 – Det revolusjonære Khmerpartiet, som seinare vart kommunistpariet, blir grunnlagd

1968 – Borgarkrigen mellom Raude Khmer og den dåverande monarken bryt ut

1975 – Pnom Penh, hovudstaden i Kambodsja, blir tatt av Raude Khmer

1978/79 – Vietnam invaderer Kambodsja, og tek Pnom Penh 7. januar 1979. Raude Khmer etablerer seg i vest.

1989 – Vietnam trekk seg ut

1991 – Fredsavtale

1996 – Raude Khmer blir splitta internt. Nokre får amnesti, og resten får i praksis sjølvstyre over visse område

1997 – Kambodsja ber om stønad til rettsoppgjeret mot Raude Khmer

1998 – Pol Pot døyr, og fleire av Raude Khmer sine leiarar overgir seg

1999 – FN anbefalar rettsoppgjer, og forhandlingane startar

2003 – FN og Kambodsja blir samde om at det skal bli rettsoppgjer, avtalen blir ratifisert året etter

2007 – Dei første leiarane i Raude Khmer blir arrestert

2009 – Den første rettssaken startar

2010 – Første dom, mot kamerat Duch, den første som vart dømt. Han fekk 35 år i fengsel

2013 – Ein av dei tiltalte døyr, ei anna får siktinga droppa grunna mental tilstand

2014 – Nuon Chea (88) og Khieu Samphan (83) blir dømd til livstid i fengsel.

Debatten om utviding av tiltalane går endå.