Ørstajenta Anne-Sofie, og Voldajenta Pia, deler erfaringane og forskjellane med å studere i by eller bygd.

Pia Sofie Øye (21) frå Volda tek ei bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda, og skal byrje på sitt andre år der til hausten.

– Eg har alltid hatt eit ønskje om å gå den linja. Å studere i Bergen var eit alternativ, men valet falt på Volda. Her har eg familie i nærleiken. Det er også veldig positivt å ha tilgang til så mange flotte fjell. Eg har i tillegg kort gåavstand til det meste. Studentmiljøet her er dessutan veldig inkluderande og bra, og ein får treffe mange studentar gjennom Studenthuset Rokken.

Anne-Sofie Frøland (23) valde å reise til hovudstaden å studere. Der tek ho ei profesjonsutdanning i medisin, som vil ta seks år å fullføre. No har ho har lagt bak seg tre og eit halvt år av løpet.

– Studiemodellen i Oslo verka tiltalande, og så er det ikkje til å underslå at ei seksårig universitetstilvære utan karakterar verka noko lukrativ. Sjølve byen Oslo hadde eg frå tidlegare forelska meg i: det fine vêret, mangfaldet av kulturelle tilbod, samt den overlegne gode kollektive trafikken, for å nemne noko.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velja utdanning

Studere i Volda
Pia bur åleine i ei kjellarleilegheit i Volda. Ho veit at å skaffe seg bustad kan vere vanskeleg for mange studentar, så ho kjenner seg heldig over sin egen bustadsituasjon.

– Eg leiger ei flott leilegheit til rimeleg pris, med verdas beste utleigarar! Eg veit dog at mange slit med å finne seg bustad i Volda, men når dei først finn seg bustad har eg inntrykk av at det er rimeleg husleige.

Ho valde også å skaffe seg bil, sidan den kollektive trafikken i Volda kunne vore noko betre.

– Om ein ikkje bur sentralt kan eg tenke meg at transport er ein negativ faktor. Eg bruker heldigvis ikkje meir enn rundt 500 kr i månaden på bensin, sidan eg berre bruker bilen til skule og jobb.

LES OGSÅ: Vil ha slutt på «badestudium»

I hovudstaden
Anne-Sofie fekk seg plass å bu på Blindern Studenterhjem i Oslo.

– Ettersom tid er pengar, så var det ikkje vanskeleg for ein sunnmøring å busetje seg her. Dette er eit eksepsjonelt tilbod for studentar i Oslo. Her får eg servert alle dagens måltid, og treng sjølvsagt ikkje bekymre meg for oppvasken. I tillegg skal det nemnast at samhaldet mellom dei kring 200 studentane som bur her er heilt unikt.

– Merkar du at det er dyrt å bu i Oslo – som mykje snakka om i media?

– Så er kanskje leigeprisane i Oslo noko stive, men summert sett vil eg tørre påstå at Oslo er ein rimeleg by å bu i for studentar. Her siktar eg til billig kollektivtrafikk, der du kan få ein månadsbillett til den nette sum av 390 kroner, som gir tilgang til buss, trikk og t-bane. Oslo kan også by på talrike studentbarar med oppimot innkjøpspris på drikkevarer. Og så er det ikkje lange turen til Sverige!

LES OGSÅ: Få ein god studiestart

Studielån
Ein ting går igjen hjå begge: studielånet dekker ikkje utgiftene dei har, og dei er difor avhengig av deltidsjobb og sommarjobb vedsida av studia.

– Eg jobbar deltid ved sidan av studiane og tilnærma fulltid om sommaren for å få ting til å gå rundt, sidan eg valde å leige ei middels stor leilegheit og i tillegg har bilutgifter. Men for ein tilflytta student som vel å ikkje ha bil, vil det nok vere overkommeleg å berre ha studielånet som inntekt, fortel Pia.

Anne-Sofie må også ty til å jobbe vedsida av studia.

– Når månadsleiga er betalt, har eg ikkje mange hundrelappane att å rutte med. Dette gjer meg avhengig av ein deltidsjobb, noko som ikkje er meg i mot. Det er fint å kunne dekorere CV-en ein gang i blant.

Å pynte på CV-en er også viktig for Pia, og er eit tips ho vil gje andre:

– Ta initiativ til frivillig arbeid på festivalar og liknande, då får du både eit pluss på CV-en, frynsegode og gode venner!

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: torsdag 13. april 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE