Håpar å unngå høgskulefusjonar
Universiteta og høgskulane på Vestlandet vurderer å gå saman i eit felles føretak etter modell av helseføretaka.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/09/Framtida-logo-160x160.png)
![info](https://framtida.no/wp-content/themes/framtida/images/info.png)
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik vil han unngå fusjon
På Høyden skriv at Universitet i Bergen arbeider med eit notat om kven dei kan tenkje seg å slå seg saman med på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) som ønskjer færre institusjonar innanfor høgare utdanning. Ifølgje rektor Per Hasle ved Høgskulen i Volda vil dei gå inn for ein føretaksmodell med avgrensa samarbeid og inga direkte samanslåing.
Modellen byggjer på UH-nett Vest, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund.
– Om vår modell er god nok for KD, eller om departementet berre forventar reine fusjonsplanar, veit vi enno ikkje, seier Hasle til På høyden.
Direktørane ved Universitetet i Bergen og Stavanger seier til nettavisa at føretaksmodellen er ei av fleire moglege løysingar. (©NPK)
LES OGSÅ: Fryktar sentralisering