Det er historisk låge aborttal i aldersgruppa 15 til 19 år, syner tal frå Folkehelseinstituttet.  

mm

Abortraten er fallande i alle aldersgrupper i Noreg, og talet på tenåringsabortar er no historisk lågt, melder NRK.

LES OGSÅ: Nær ni av ti vel abort ved Downs-diagnose

Troms toppar
I 2013 var det utført kring 10 svangerskapsavbrudd per 1000 kvinner i aldersgruppa 15 til 19 år. Det er det lågaste talet sidan abortregisteret vart oppretta i 1979, syner ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Med dette fortset nedgangen i tenåringsabortar ein har sett i Noreg dei siste åra.

Flest unge jenter tek abort i dei tre nordlegaste fylka. Troms fylke ligg på aborttoppen med ei rate på 16,9 abortar per 1000 kvinner i denne aldersgruppa, etterfølgt av Finnmark og Nordland.

Færrast abortar finn stad på Sør- og Vestlandet. Møre og Romsdal har færrast tenåringsabortar med 7,9 abortar per 1000 jenter.

Blant kvinner i alle aldrar er det Oslo som ligg på aborttoppen. På landsbasis er det kvinner i alderen 20-24 år som oftast tek abort.

LES OGSÅ: – Fleire tek abort grunna karriere

Helsesystermangel
Leiar for medisinernes seksualopplysning i Tromsø, Eivind Lied trur dårleg helsesysterdekning i Nord-Noreg er hovudårsaka til at det vert utført flest tenåringsabortar i nord.

– For mange kan det være langt å komme seg til helsestasjon eller fastlege, seier Lied til NRK.no.

Han ynskjer ei auka satsing på seksualundervisning og at arbeidet med å få ned tala fortset.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning

Preventivt arbeid
Helsesyster i Bodø kommune, Bente Arntzen, gler seg over tala og seier til NRK at det truleg er eit resultat av ei større satsing på seksualundervisning i skulen.

Ho meiner at helsesystrer på alle ungdomskular, eit auka tilbod om hjelp på helsestasjon for ungdom og betre tilgang på prevensjon er viktige tiltak som må på plass i framtida.

– I dag får me lov å gje ut gratis prevensjon og eg opplever at jenter heilt nede i 15-årsalderen har trong for det. Det er positivt at dei ynskjer å beskytta seg og eg opplever at tenåringsjenter sjeldnare testar positivt på graviditetstestar enn for berre tre år tilbake, seier helsesystera, som meiner det er viktig å jobbe for at færrast mogleg unge jenter må oppleve belastinga med å verte uynskt gravide og ta abort.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE