Kan kua berge klimaet?

mm

Kva om vi kunne lagre karbon i jorda like godt som under havet – utan enorme investeringar og endelause forhand­ling­ar? Eller – kva om vi kunne ete så mykje raudt kjøt vi ville med godt samvit både for dyra, miljøet og vår eiga helse? Trur vi på det?

Det var i det minste bodskapen frå konferansen Putting Grasslands to Work førre veke. Storbyen London var vald som scene for diskusjonar kring beitelandskap, ørkenspreiing, kjøtproduksjon og – det alt dette handlar om – jord.

Arrangøren Savory Insititute er oppkalla etter stiftaren – den zimbabwiske biologen Allan Savory.

– Jordbruket er den mest destruktive næringa vi har, seier Allan Savory på konferansen.

– Dessverre har vi ikkje noko val: Vi greier oss ikkje utan. Då må vi sjå på kva jordbruket gjer for oss.
Jordbruket har skuld i ein viktig del av dei globale klimagassutsleppa. Sjølv om vi kutta alle andre utslepp, men held fram med å drive jordbruk slik vi gjer no, ville vi framleis tilføre karbon til atmosfæren.

– Vi treng ein jordbruksproduksjon på kring eit halvt tonn per person per år. Det greier jordbruket fint. Problemet er at det forsvinn ti tonn matjord per person kvart år. Vi misser altså tjue gonger så mykje jord som den mengda mat vi greier å produsere, seier Savory.

Jorda forsvinn ved erosjon. Vatn, vind, utarming, overbeiting eller rett og slett mangel på planterøter fører til at matjord­laget vårt vert stadig tynnare over heile planeten. Så mykje som to tredjedelar av landoverflata kan vere i ulike stadium av forørkning.

Karbon er problemet – og løysinga
Kva har dette med klimaend­ring­ar å gjere? Vi er blitt vane med å tenkje på global oppvarming som forbruk av og utslepp frå fossil energi. I røynda dreiar det seg om kor mykje karbondioksid det er i atmosfæren. I dag ligg vi rett over 400 ppm. Vi burde vere på 350. Kjem vi over 450 ppm, er det for seint å snu.

Når vi misser jord, misser vi karbon. Naken jord, jord utan dekke av planter, utan organisk materiale, lek karbon til lufta. Der møter karbonatoma nokre oksygenatom – og vips har vi meir CO2 til å varme oss opp. Dei seinaste hundre og femti åra har mellom 50 og 80 prosent av karbonet i matjorda forsvunne til lufta, skriv forfattar Judith Schwartz i boka Cows save the Planet – and other improbable ways of restoring soil to heal the earth.

Sjølv om vi held opp å brenne fossile brennstoff, vil det framleis ta nærare hundre år å redusere CO2-nivået i atmosfæren til 350 ppm, ifylgje IPCC. Dette er bakgrunnen for ideen om karbonlagring. Her heime er vi mest vane med å høyre ideen omtala som månelandinga som kollapsa. Karbon kan likevel lagrast andre stader enn i gamle oljebrønnar.

Jord elskar karbon, og karbon elskar jord. Eit karbonhaldig jordsmonn held på næringsstoff og vatn og er eit godt miljø for nytteorganismar i jorda. Men korleis skal vi få stoffet attende til jorda?

Med gras – og det er her kua kjem inn i historia. Gras fang­ar karbon gjennom fotosyntesen. Men for at graset skal verte ståande, må vi ha beitedyr. Utan beitedyr skjer éin av to ting: I tørre klima tek ørkenen over. I våte klima, som her i Noreg, kjem busk og kratt og tek over. Buskane skyggjer for jordoverflata, og meir jord vert ståande berr – og open for karbonflukt.

I tillegg bidreg beitedyr med gjødsel. Gjødsla spreier både frø, næringsstoff, struktur og ikkje minst eit mikroliv som gjer jorda sterk og levande.

Inntektskjelde for bønder
Australia er det fyrste landet som lèt bønder tene pengar på å lagre karbon i jorda. Programmet The Carbon Farming Initiative støttar prosjekt som fører til utslepps­reduksjonar i jordbruket. Frå og med juli i år vart varig lagring av karbon i jorda lagd til lista over godkjende tiltak. Berre permanent beiteland kan få stønad.

Programmet er omstridt. Klimaforskarar meiner regjeringa overvurderer jorda si evne til å halde på karbon. Finansieringa til kjem frå statens fond for utsleppsreduksjonar, The Emissions Reduction Fond, og den politiske opposisjonen har skulda regjeringa for å nytte karbonlagring i jord som ein veg bort frå prinsippet om at ureinar skal betale for eigne utslepp.

Allan Savory meiner at det heller ikkje er nok berre å gjere om open åker til permanent beiteland. Beiting er årsaka til mange av dei miljøproblema vi ser i dag – til dømes ørkenspreiing. Det er likevel ikkje verken beitedyra eller sjølve praksisen som er problemet, meiner Savory – det er måten det vert beita på.

Hovudbodskapen til Savory Institute er at beiting ikkje er beiting. Det er ikkje nok å seie at beiting ureinar. Kontinuerleg beiting ureinar og øydelegg jord og beitelandskap. Men det kan ikkje samanliknast med intensiv, kontrollert beiting.

Etterliknar byttedyr
I 50-åra jobba Allan Savory som biolog i nasjonalparkar i Zimbabwe. Her såg han korleis ørkenen og den nakne, brune jorda spreidde seg utover. Han fjerna dei tradisjonelle beitedyra, utan at det hjelpte. Så fjerna han elefantane, men det vart berre verre.

Då byrja han å sjå på tilhøvet mellom rovdyr og beitedyr.

– Beitedyra heldt seg tett saman for å vere verna mot rovdyra. Dei gjødsla og tråkka ned frø og organisk materiale – og dei måtte halde seg i rørsle for å finne ny mat. Målet mitt vart å gjenskape denne åtferda gjennom kontrollert beitebruk, forklarte Allan Savory på Ted Talk i februar i fjor.

Slik hjelper beitedyra å få graset attende på jorda. Når graset vel er der, må beitepresset kontrollerast for å halde på den biologiske balansen. Kontinuerleg beiting, at dyr vert sleppte fri på store område, fører til overbeiting. Dyra snappar dei næringsrike, smakfulle grasstråa så fort dei spirer. På sikt drep dette det næringsrike graset, og mindre smakfulle ugras tek over.

– Vi må beite tett og fort. Så må vi flytte dyra og ikkje la dei kome attende før graset er klart for dei, forklarar Savory.

Ku-fisen
Beitande drøvtyggjarar som hjelper oss å berge klimaet går beint imot mykje vi elles høyrer. «Storfekjøtt er miljøversting», stod det på forskning.no tidlegare denne veka. Fordøyingssystemet til drøvtyggjarane fører til danning av gassen metan. Når metan kjem ut i atmosfæren, er han 25 gonger meir aggressiv i å varme oss opp enn karbondioksid er. Nærare 30 prosent av dei globale metanutsleppa i verda kjem frå drøvtyggjarar.

Jason Rowntree er fyrste­amanuensis ved Michigan State University, der han jobbar med kjøtfe og fôrutnytting. Han er invitert til London for å tale om teknologi og forsking. Som beiteforkjempar meiner han klima­debatten har spora av.

– Debatten har blitt så opphengd i kva som går opp at vi gløymer å sjå på kva som går ned. Ein må rekne på utslepp frå heile jordbruket, ikkje berre sjå på ein liten del, seier Rowntree.

– Klimaforskinga er innstilt på å finne ein prikk og fylgje den, i staden for å sjå på det store biletet.

Nye moment i rekne­stykket
Tradisjonell klimaforsking plasserer storfekjøt øvst på ut­sleppskurva, etterfylgt av kylling og svin. Vegetabilske produkt som korn og mais kjem ut med lågast CO2-utslepp per kalori ferdig produkt.

– Når vi tek tap av karbon frå jord til luft med i reknestykket, får vi ei heilt anna liste, hevdar professor Richard Teague i diskusjon med Rowntree. Han jobbar ved rådgjevingstenesta Texas AgriLife Research.

– Då er det einsidig maisproduksjon som kjem ut med høgast utslepp, fylgd av tap av jord ved erosjon. Kjøtproduksjon kjem langt nede på lista.

Kor mykje karbon kan jorda lagre for oss – og kor lenge? Det er ikkje forskarar samde om enno. Dei fleste er samde om at beskytta jord held betre på stoffet enn open, naken jord, og at ein difor bør pløye minst mogleg og syte for tettast mogleg grasdekke dersom målet er å nytte jorda som karbonlager.

Der jord som vert brukt til åkerdrift, gjerne berre inneheld éin prosent karbon, kan beiteland kome opp i fire. Men kor langt ned i jorda kan bindinga skje? I kva form vert karbon lagra – er det stabilt nok?

– Våre eigne forsøk syner at vi kan lagre kring 30 kilo karbon per hektar med våre metodar, seier Richard Teague om Texas.

– Her trengst det meir kunnskap, meiner Courtney White, forfattar av boka Grass, soil,
hope.

– Men samstundes: Vi veit at jord kan lagre karbon. Skal vi då sitje og vente på å få alle dei konkrete tala på plass? Kor mykje tid har vi på å berge klimaet?

Grasfôra kjøt
Kva skjer når kyr går på beite med masse ferskt gras kvar dag? Dei veks og vert feite. Grasfôra kjøt er ikkje mykje kjent i Noreg endå. I dei fleste andre vestlege land har kjøt frå dyr som berre har ete gras, i størst mogleg del direktehasta gjennom beiting, vakse fram som eit nytt alternativ for å få i seg protein på ein berekraftig måte.

– Det vert sagt at det ikkje er noko som heiter ein gratis lunsj. Grasfôra kjøt er kanskje unnataket som stadfester den regelen. Dersom vi kan setje om solenergi til karbonlagring og menneskemat, kjem vi ikkje så mykje nærare, sa grasbonden Joel Salatin frå scena i London.

Atter er vi på kant med vedtekne sanningar. Storfekjøt er då ikkje sunt? Det kjem an på kva slags storfekjøt ein meiner. Moderne jordbruk fôrar kyr korn og soyabønner – frø som er fulle av omega-6-feittsyrer. Då er det desse feittsyrene dyra som et dei, tek opp, og dei same feittsyrene vi et når vi et kjøtet frå dei. Gras er derimot berar av feittsyrene omega-3. Der omega-6 bidreg til å heve kolesterolet, bidreg omega-3 til å senke det. Kjøt frå dyr som et gras, vil dermed ha ei sunnare feittsyresamansetjing enn kjøt frå dyr som et korn og soya.

– Klimaforkjemparar, bønder og miljøvernarar har berre eitt val. Det er det mest usannsynlege av dei alle: å lite på beitedyra, hevdar Allan Savory.

Saka var først publisert i Dag og Tid. 

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.37
ANNONSE