Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner no at Ebola-utbrotet i Liberia er ei internasjonal krise.

Det skriv VG. Til no har 930 menneskjer døydd av viruset, som er det mest omfattande utbrotet i historia.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Bryt saman

Utanriksministeren i Liberia, Augustine Kpehe Ngaufan, meiner påkjenninga frå Ebola-utbrotet bryt ned heile helsevesenet i landet.

– Folk døyr av vanlege sjukdommar fordi helsevesenet bryt saman, seier han til Reuters, ifølgje VG.

Han trekk fram sjukdommar som malaria og diaré, som ikkje blir behandla fordi innbyggarane i Liberia unngår sjukehusa i frykt for Ebola-viruset.

LES OGSÅ: Helsevesenet veks med forventingane våre

Ingen behandling

Ebola er ein blødningsfeber, som smittar gjennom direkte kontakt. I dag finst det ikkje effektiv behandling eller vaksine mot Ebola, og dødelegheita ligg på mellom 40 og 90 prosent.

LES OGSÅ: Her er dei norske elite-forskarane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE