3.000 risikerer å få feil skatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka sto først på trykk i Vikebladet

I ei pressemelding går Skatteeataten no ut og oppmodar aksjeselskap og sjølvstendig næringsdrivande, som enno ikkje har levert sjølvmeldinga, om å gjere det så raskt som råd. Fristen for å levere sjølvmelding og næringsoppgåva for inntektsåret 2013 gjekk ut 31. mai. I Møre og Romsdal er det over 3.000 aksjeselskap og sjølvstendig næringsdrivande som ikkje har levert den naudsynte dokumentasjonen, og dermed står i fare for å måtte betale feil skatt.

LES OGSÅ: – Må endre på definisjonen av normalt vêr

– Konsekvensen av å ikkje levere er at skatten blir utrekna ved skjønn, seier Per Helge Rise, avdelingsdirektør i Skatt Midt-Norge.

Blir skatten rekna ut ved skjønn, er det opplysningar frå tidlegare år som blir lagt til grunn. Har bedrifta eller selskapet hatt eit dårleg år, og ikkje levert sjølvmeldinga og næringsoppgåva, kan ein risikere å måtte betale mykje meir enn ein skal.

LES OGSÅ: Han kjøpte seg fri

– Ikkje for seint

Det er ifølgje Statteetaten ikkje for seint å levere den naudsynte dokumentasjonen.

– Det har blitt sendt ut purring til dei det gjeld, så då handlar det om å sende inn raskast mogleg. Det gjeld for alle, også dei som ikkje har hatt omsetning i fjor, seier Rise.

LES OGSÅ: Harry Potter skapar toleranse