Må endre definisjonen av normalt vêr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Normalt vêr er ikkje normalt

I dag pleier meteorologar i dei fleste land å samanlikne temperatur og nedbør med kva som var vanleg frå 1961 til 1990. Meininga er at folk skal få vite om vêret avvik frå det normale.

Men no er denne praksisen utdatert, meiner ekspertane i Den internasjonale meteorologiorganisasjonen (WMO). I førre månad la dei fram eit forslag om at normalperioden må oppdaterast oftare på grunn av dei globale klimaendringane.

– Dette trur eg er fornuftig. Vi ser at det underliggjande klimaet endrar seg raskt, seier fysikar Bjørn Samset ved forskingssenteret CICERO til NTB.

LES OGSÅ: Hus på hjul?

Viktig for forsikringsbransjen

Varmeperiodar som på 1960-talet var ekstreme, er blitt høvesvis vanlege i delar av verda, ifølgje Samset.

Av den grunn kan det vere lite føremålstenleg å samanlikne dagens vêr med normalen for eit halvt hundreår sidan. Ein grunn til å endre dagens praksis er behovet for realistiske kriterium for kva som er «mot normalt» i delar av næringslivet.

– Forsikringsbransjen treng klare definisjonar, seier Samset.

Han peiker på behovet for retningslinjer som avgjer når forsikringsselskap må utbetale erstatning etter flaum og uvêr.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

– Kan kamuflere endringane

Også norske meteorologar reknar i dag vêret i perioden 1961– 1990 for å vere «normalt». Målestokken blir truleg endra dersom det kjem nye retningslinjer frå WMO, ifølgje forskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt.

Men ho meiner at ei endring av normalperioden både inneber fordelar og ulemper.

– Viss normalen vert oppdatert veldig ofte, kan det kamuflere endringane som skjer, seier Heiberg til NTB.

Samset trur på si side at det er fullt mogleg å forklare endringane i klimaet sjølv om normalperioden vert endra. Medium og folk flest er meir opptatt av om vêrrekordar vert brotne, meiner han.

LES OGSÅ:Ny fagsjef for Bellona

Varmerekordar

Medan årets julimånad var den varmaste som nokon gong er registrert i Noreg, var vinteren ekstremt tørr i delar av landet. På verdsbasis var mai og juni dei varmaste månadene som nokon gong er registrert.

Samset understrekar at det er vanskeleg å seie om ein avgrensa periode med ekstremt vêr kjem av klimaendringar. Samtidig fastslår både han og Heiberg at menneskeskapt global oppvarming gradvis har ført til høgare temperaturar også i Noreg.

– Endringane vi har sett så langt, er ikkje så store. Det som bekymrar oss, er at forandringane skjer stadig raskare, seier Samset.

Det nye forslaget frå WMOs Kommisjon for klimatologi inneber at det er vêret i perioden frå 1981 til 2010 som bør brukast som samanlikningsgrunnlag i dei fleste tilfelle. I tillegg skal normalperioden, som i dag vert endra kvart 30. år, heretter endrast kvart tiande år.