Skuldar arbeidarrørsla for faktafeil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Ryfylke

For to veker sidan gjekk venstresida i Sauda hardt ut mot den blå regjeringa sitt endringsforslag til arbeidsmiljølova. No reagerer leiar av Rogaland Unge Venstre, Eirik Tangeraas Lygre, på faktafeil frå arbeidarrørsla.
– Diskusjonen om at regjeringa vil fjerne fireårsregelen for midlertidig tilsetting er ein kunstig diskusjon. Det er ikkje det som er føreslått av Høgre og FrP, snarare tvert om. Regjeringa diskuterer å betre regelen slik at midlertidig tilsette får rett på fast jobb etter tre eller to år, og ikkje fire, slik det er i dag, påpeiker Tangeraas Lygre.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Uforståeleg

Regelen om å få fast jobb etter midlertidig tilsetting gjeld berre private.
– Venstre stiller krav til regjeringa om at ein skal få fast jobb etter berre to år, og det skal óg gjelde offentlege instansar. Det gamle regelverket rammar nokre av dei viktigaste yrkesgruppene me har i Sauda; hjelpepleiarar, lærarar og politifolk. Det er uforståeleg at ikkje arbeidarrørsla seier noko om dette, fastslår ungdomspolitikaren.

LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd

Ein stad i sentrum

I Eirik Tangeraas Lygre sine auge omfamnar venstresida i norsk politikk fridomen frå økonomiske hindringar, og høgresida fridomen til å styre sitt eige liv. Sjølv meiner han at partiet hans, Venstre, møter begge desse syna.

Du kan lesa meir i papirutgåva til Ryfylke!