Her er skulane der det blir streik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er streike-skulane

Utdanningsforbundet trappar opp lærarkonflikten med å ramma skoler over heile landet. Samstundes er KS på glid.

– Me beklagar at lærarane vel å trappa opp konflikten no. Me er i ein prosess med riksmeklaren og har gjeve partane melding om at me ynskjer å gå inn i ein prosess og bidra til at me finn ei løysing, seier avdelingsdirektør i KS forhandling, Hege Mygland, til NTB.

Ho understrekar at KS er klare til å fortsetja forhandlingane når som helst.

– Me kan stilla til mekling på kort varsel, seier ho og antydar at KS kan vera villig til å sjå på dei omstridde delane av avtalen som vart forkasta på grunn av kravet om at lærarane skal kunna påleggjast å vera til stades på skolen i inntil 7,5 timer dagleg, i staden for å kunna jobba heimefrå delar av arbeidstida slik dei kan i dag.

– Me er villige til å sjå på dette på ein annan måte og vil vurdera alle konkrete forslag, seier Mygland, som understrekar at initiativet no ligg hjå riksmeklaren.

LES OGSÅ: Ber om løysing før skulestart

Klare til streik

Utdanningsforbundet sende onsdag ut streikevarsel for ytterlegare 5.500 lærarar ved 132 ungdomsskolar og vidaregåande skoler. 22 kommunar og alle fylkeskommunar utanom Oslo vert råka frå måndag.

– Og dette er berre andre streikeuttak. Me trappar opp fortløpande, tusenvis av lærarar i heile landet står klare til å gå ut i streik i nye rundar, seier forbundsleiar Ragnhild Lied til NTB.

Streiken starta formelt 1. juli då Utdanningsforbundet tok ut 33 lærarar ved Rothaugen skole i Bergen.

Meklar Reidun Vallevik ved Riksmeklarens kontor ynskjer ikkje å kommentera opptrappinga av streiken, og understrekar at det er opptil partane i konflikten korleis dei ynskjer å handla:

– Me fortset å gjera det me har gjort heile tida: Snakkar med partane, førebur oss til nye samtaler og gjer alt me kan for å finna ei løysing. Meir enn det kan me ikkje seia no, seier Vallevik.

Tynnsliten tillit

Utdanningsforbundet med 160.000 medlemmer den nest største fagforeininga i Noreg. Det er dei rundt 93.000 lærarane i KS-området som no vert omfatta av streiken.

Leiinga i Utdanningsforbundet sa i mai ja til ny arbeidstidsavtale med KS, men vart kraftig motsagd av sin eigen medlemsmasse i etterkant. Tre av fire lærarar røysta nei til meklingsforslaget, og forbundet varslet då streik.

– Streikeviljen er stor, denne kampen brenn lærarane for. Dei vil vera lærarar, ikkje funksjonærar. Tilliten til arbeidsgjevarane i KS har lenge vore tynnsliten – no er han på eit lågmål. Lærarane har ikkje tillit til at KS ynskjer ein fagleg sterk og ansvarleg lærarprofesjon. Difor streikar norske lærarar for å understreka dette alvoret, seier Lied.

Ho seier kampen handlar om langt meir enn dei 7,5 timane lærarane skal vera til stades på skulen.

– Me streikar for moglegheita til å kunna gjera ein god jobb, for meir tid til kvar elev, for å kunna gjere for- og etterarbeid på best mogleg måte, seier Lied.

Moderat start

Arbeidslivsforskar Åsmund Arup Seip ved Fafo kallar opptrappinga måndag for moderat.

– Det er ikkje uvanleg at organisasjonar startar slike streikar ganske forsiktig. Særleg er dette vanleg i offentleg sektor, seier Seip.

Han meiner det no er opp til KS å koma med eit nytt forslag.  

– Dette må nok innehalda reelle endringar, særleg når det gjeld arbeidstidsvedtektene. Utdanningsforbundet har lite manøvreringsrom og må ha nokre konkrete endringar å visa sine medlemmer, seier Seip til NTB.

Samstundes er situasjonen vanskeleg for KS, meiner han.

– Dei har jo forhandla fram eit resultat som Utdanningsforbundet i utgangspunktet sa ja til. Dessutan er løn og andre element knytt opp til dette, seier han.

Også dei mindre fagforbunda Norsk Lektorlag (NL) og Skolenes landsforbund (SL) melder at dei vil trappa opp streiken ved skulestart. (©NPK)

Desse skulane vert råka av streiken

Østfold

Frederik II videregående skole

Glemmen videregående skole

Akershus

Lillestrøm videregående skole

Skedsmo videregående skole

Kjellervolla skole

Stalsberg skole

Stav skole

Tæruddalen skole

Hedmark

Ajer ungdomsskole

Børstad ungdomsskole

Hamar katedralskole

Storhamar videregående skole

Ener ungdomsskole

Oppland

Bjørnsveen ungdomsskole

Vardal ungdomsskole

Gjøvik videregående skole

Buskerud

Drammen videregående skole

Åssiden videregående skole

Børresen skole

Galterud skole

Kjøsterud skole

Vestfold

Kongseik ungdomsskole

Presterød ungdomsskole

Ringshaug ungdomsskole

Færder videregående skole avd. Korten

Færder videregående skole avd. Teie

Greveskogen videregående skole

Kompetansebyggeren Tønsberg Ressurs

Telemark

Heistadskolene avd. ungdom

Kjølnes ungdomsskole

Stridsklev ungdomsskole

Tveten ungdomsskole

Gimsøy skole

Gjerpen ungdomsskole

Kongerød ungdomsskole

Menstad ungdomsskole

Hjalmar Johansen videregående skole

Porsgrunn videregående skole

Skien videregående skole avd. Prestejordet

Aust-Agder

Arendal voksenopplæring

Asdal skole

Birkenlund skole

Hisøy skole

Moltemyr skole

Nedenes skole

Roligheden skole

Stinta skole

Stuenes skole

Arendal videregående skole

Sam Eyde videregående skole

Vest-Agder

Fiskå skole

Havlimyra skole

Oddemarka skole

Kristiansand katedralskole Gimle

Tangen videregående skole

Vågsbygd videregående skole

Rogaland

Gand videregående skole

Hetland videregående skole

Jåttå videregående skole

St Olav videregående skole

St Svithun videregående skole

Stavanger katedralskole

Sandnes videregående skole

Giske ungdomsskole

Høyland ungdomsskole

Lundehaugen ungdomsskole

Riska ungdomsskole

Sandnes læringssenter

Øygard ungdomsskole

Austbø skole

Gosen skole

Hinna skole

Kannik skole

Kristianslyst skole

Revheim skole

Smiodden skole

St. Svithun skole

Tastaveden skole

Ullandhaug skole

Hordaland

Erdal ungdomsskole

Kleppestø ungdomsskole

Ravnanger ungdomsskole

Blokkhaugen skole

Breimyra ungdomsskole

Gimle oppveksttun – skole

Hop skole

Lynghaug skole

Ortun skole

Rothaugen skole

Rå skole

Rådalslien skole

Storetveit skole

Ytrebygda skole

Amalie Skram videregående skole

Arna vidaregåande skule

Askøy videregående skole

Bergen katedralskole

Bergen maritime videregående skole

Bergen tekniske fagskole

Langhaugen videregående skole

Lønborg videregående skole

Nordahl Grieg videregående skole

Olsvikåsen videregående skole

U. pihl videregående skole

Åsane vidaregåande skule

Sogn og Fjordane

Førde ungdomsskole

Halbrend skule

Hafstad videregående skule

Møre og Romsdal

Bekkevoll ungdomsskole

Bergmo ungdomsskole

Molde videregående skole

Romsdal videregående skole

Sør-Trøndelag

Charlottenlund videregående skole

Melhus videregående skole

Strinda videregående skole

Trondheim katedralskole

Blussuvoll skole

Charlottenlund ungdomsskole

Enhet for voksenopplæring

Markaplassen skole

Rosenborg skole

Trondheim kommune sentraladministrasjon

Nord-Trøndelag

Steinkjer videregående skole

Nordland

Bankgata ungdomsskole

Hunstad ungdomsskole

Bodin videregående skole og maritime fagskole

Bodø videregående skole

Troms

Hagebyen skole

Seljestad ungdomsskole

Heggen videregående skole

Finnmark

Alta ungdomsskole

Alta videregående skole