Berre fire av ti innvandrergutar fullfører vidaregåande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre fire av ti fullfører

Ein ny rapport viser at 32 prosent av innvandrarelevane ikkje klarer å fullføre vidaregåande skule i Noreg.

Blant gutar er det berre fire av ti som fullfører, noko som er klart meir enn blant etnisk norske elevar.

LES OGSÅ:Har lite tru på at lærarstreiken blir avverja

41 prosent av gutane fullfører

Rapporten viser at 41 prosent av gutar frå ikkje-vestlege land fullfører vidaregåande skule, og 59 prosent av innvandrarjentene gjer det same, skriv Aftenposten.

Rapporten er laga på oppdrag frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet i tillegg til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Han omfattar levekåra til innvandrarar i 13 norske større byar.

LES OGSÅ:Vilt og uendeleg interessant

Sju av ti utan kompetanse

I Drammen og Asker stod sju av ti innvandrergutar igjen utan studie- eller yrkeskompetanse.

Forskarane meiner fråfallet først og fremst kjem av utdanningsnivået og inntekta til foreldra, og ikkje har bakgrunn i etnisiteten.

– Fleire forskingsrapportar viser til at utdanningsnivået til foreldra og karakterane til elevane i grunnskulen påverkar kor stor sjanse det er for at ein fullfører vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Ingen vil ha norsk ordbok

Ingen eigen effekt

Innvandring har ingen eigen effekt. Det som derimot ser ut til å spele ei rolle, er når ein flytta til Noreg, seier Fafo-forskar Anna Hagen Tønder.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at totalt 69 prosent av alle som byrja i vidaregåande skule frå 2005 til 2007, klarte å fullføre innan fem år.