– Ivar Aasen blei kjend for planane sine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen» er tittelen på arbeidet som måndag 4. august blei gitt ut på nettstaden Aasentunet.no. Her har Ottar Grepstad registrert 1760 omtalar om Ivar Aasen frå 1841 til 2013.

LES OGSÅ: Ikkje noko photoshop!

– Alt medan Ivar Aasen var i arbeid, blei han omtalt i mange land. Dei omtalane blei kjende i Noreg og prega også nordmenns oppfatning av Aasen. Han fekk tidleg offentleg omtale og blei først kjend for det han skulle utrette, ikkje for det han hadde gjort, fortel Grepstad i ei pressemelding.

Talentet vekte merksemd

Den første offentlege omtalen av Aasen kom i 1841, i fleire aviser i Oslo og Bergen. På den tid var tre dikt trykte i Volda alt Aasen hadde publisert. Året etter starta han det omfattande språklege innsamlingsarbeidet sitt.

LES OGSÅ: 10 grunnar til å vere klimaoptimist

– Det var det språklege talentet hans som vekte merksemd, ikkje diktinga hans, seier Grepstad.

Bibliografien dokumenterer ifølgje Grepstad mange gløymde artiklar og skrifter som i dag er ukjende. Noko av dette ukjende stoffet kjem også med i ei ny utgåve av biografien «Historia om Ivar Aasen», som Grepstad gav ut i fjor.