Det er ikkje så lenge til du kan sjå bilar som køyrer sjølv på engelske vegar.

Det britiske transportdepartementet gjer det lovleg med førarlause bilar på vegane frå januar 2015, skriv BBC. Det er eit prøveprosjekt, der tre byar blir valt ut til å vera med. Departementet inviterer og britiske byar til å melda seg på konkurransen om kven som først får bilane på sine vegar.

– No vil me sjå førarlause bilar på vegane innan seks månader, noko som vil setja oss i front med denne teknologien, og opna nye moglegheiter både for økonomien og samfunnet vårt, seier Vince Cable, den britiske næringsministeren, til BBC.

Også Aftenposten skriv om saka.

LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd

Ein av fleire

Også andre stader er dei førarlause bilane på veg, eller allereie på vegen. I USA har California, Nevada og Florida allereie godkjend bruken av bilar utan sjåfør, og i fjor vart ein førarlaus bil testa på motorvegen i japan.

LES OGSÅ: No tek rekordmange kollektivtrafikk

Skal gå gjennom lovverket

Den britiske regjeringa har oppretta eit fond på 10 millionar pund for å finansiera prosjektet, og pengane blir fordelt mellom dei tre byane som blir valt ut.

Trafikkreglane skal og få ein gjennomgang på grunn av prosjektet. Målet er å sjå på korleis lovverket skal påverka bilar der føraren raskt kan ta att kontrollen over bilen, og korleis reglane skal gjelda for bilar heilt utan sjåfør.

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE