Forfattaren bak blant anna «Eit Vintereventyr» og «Songfuglen» døydde brått og uventa i går.

Det skriv Samlaget i ei pressemelding. Forfattaren frå Frekhaug i Nordhordland gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og debuterte i 2008 med «Eit Vintereventyr». Leikvoll vart 40 år gamal.

– Det var med stor sorg vi i Samlaget fekk melding om at Jan Roar Leikvoll har gått bort. Det skjedde brått og uventa. Dødsårsaka er ikkje kjend enno, men Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte, skriv Samlaget i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit

– Djupt sakna

Leikvoll har mellom anna fått Nynorsk litteraturpris for romanen «Fiolinane», som og vart nominert til Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. Han har og fått Sigmund Skard-stipendet, Bjørnsonstipendet og Bokhandelens forfattarstipend så seint som i fjor.

– Den store, stillferdige mannen, som skreiv så omsynslaust, men samstundes hjarteskjerande vakkert om livet sjølv, har gått bort. Jan Roar Leikvoll vil bli djupt sakna, skriv Samlaget til slutt i si pressemelding.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE