– Tener mindre fordi dei er kvinner

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tener mindre grunna kjønn

Kvinner med mastergrad tener gjennomsnittleg sytti tusen mindre enn menn når dei startar i arbeid. Det syner ei undersøking som Universitetet i Agder (UiA) har utført i samarbeid med TNS Gallup. Det var E24 som først meldte nyheita.

– Kvinner får mindre løn fordi dei er kvinner
– Når du har kontrollert for faktorar som sektor og makt så sit du igjen med noko du ikkje kan forklare. Det er framleis slik at kvinner får dårlegare løn enn menn i Noreg, berre fordi dei er kvinner. Det er noko politikarane må sjå i 2014. Det er oppsiktsvekkande at det er slik, seier Mona Larsen-Asp avdelingsleiar i Likestillings- og diskrimineringsombuder (LDO) til E24.

Ein av politikarane som ser problemstillinga klart og tydeleg er Kirsti Bergstø. Ho er stortingsrepresentant for SV og medlem av Arbeids- og sosialkomiteen. For Bergstø syner undersøkinga at det framleis er mykje å gjere for å sikre likestillinga.

– Dette viser med all klarleik at vi ikkje er komen i mål med likestillinga, seier ho. Sjølv om det er lenge sidan likeløn blei eit politisk mål er det framleis store skilnadar. Vi må erkjenne at om vi skal oppnå likeløn så må vi arbeide med likestilling på alle felt, familiepolitikk, arbeidslivspolitikk. Det er eit politisk ansvar å sikre utjamning, meiner ho.

LES ÒG: Feminist, ja visst!

– Overraskande og urovekkande
– Når ein har følgd med ein stund så veit ein jo at det er lønsskilnadar mellom kvinner og menn, men at det er så tydeleg allereie frå starten av arbeidslivet er overraskande og urovekkande, seier ho.

Det seier Ane Lindholt. Ho er statsvitar og ein av bloggarane bak det feministiske bloggkollektivet maddam.no. Ho skreiv masteroppgåve om likestillingslova og har lenge følgd med på likestillingsspørsmål. Likevel er ho overraska når ho les resultata i rapporten.

– No må arbeidslivet og arbeidsgjevarane ta ansvar, seier ho.

Ho meiner at hovudfunna i rapporten speglar det vi veit om ein kjønnsdelt arbeidsmarknad og kjønnsdelte studieretningar.

– Det er det gjort alt for lite dei siste tjue åra for å få bukt med. Det er ikkje slik at det held å forklare lønsskilnaden med at arbeidsmarknaden er kjønnsdelt. Vi må freiste å gjere arbeidsmarknaden mindre kjønnsdelt og rausare. Det er mange mekanismar som speler inn, fortel ho.

Størst skilnad blant realistane
Ein vanleg forklaringsmodell for dei store lønsskilnadane er at fleire menn vel fagfelt med høgare lønutsikter, som realfag, medan kvinner vel meir idealistiske fagfelt som humaniora eller samfunnsfag. Lindholt peiker på at dei store lønsskilnadane innanfor einskilde fakultet tyder på at lønsskilnadane mellom kvinner og menn ikkje berre kan reduserast til eit spørsmål om ulike utdanningsval.

Størst er lønsskilnaden på Fakultet for teknologi og realfag, der menn tener 75 000 meir enn kvinner. Også mellom dei som har blitt allmennlærarar er det store skilnadar: Menn som er uteksaminert frå Avdeling for lærarutdanninga tener gjennomsnittleg 40 000 meir enn kvinnene med grad frå same fakultet.

– No har eg ikkje studert dei spesifikke fakulteta og dei utdanningsretninga dei tilbyr der, men det er veldig urovekkande om lønsgapet er så stort mellom menn og kvinner med same utdanningsbakgrunn, seier ho.

LES ÒG:
– Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Menn får heiltid, kvinner deltid
Eit anna viktig funn er at kvinner i større grad enn menn startar i ufrivillige deltidsstillingar. For der 83 prosent av menn har fulltidsstillingar etter avslutta utdanning har berre 65 prosent av kvinnene det same. Samstundes ønskjer fleirtalet av dei med deltidsstillingar (7 av 10) ein fulltidsstilling, anten dei er kvinner eller menn.

Lindholt meiner at kampen for heiltid og kampen for likeløn heng teitt saman, og peikar på at det er vanskelegare å forhandle om høgare løn dersom ein ikkje ein gong har fast eller full stilling.

– Når ein berre har kontrakt nokre månadar frametter og ein ønskjer seg full stilling men berre får tilbod om deltid kan ein stille seg spørsmålet om menn og kvinner forhandlar om løn på same vilkår, seier ho.

Ho meiner unge, nyutdanna kvinner har det tøffare i arbeidslivet enn unge menn.

– Unge nyutdanna kvinner står mindre trygt i arbeidslivet enn menn. Det kan vere vanskeleg å be om høgare løn når du ikkje veit om du får forlenga arbeidskontrakten, understreker ho.

Bergstø meiner skilnadane som kjem fram i undersøkinga frå UiA tyder på sterkare regulering er naudsynt skal ein sikre likestilling i arbeidslivet.

– Mykje tyder på at likestillinga i arbeidslivet går feil veg. Dette syner kor viktig det er med eit regulert arbeidsliv med kollektive rammer og lovverk, til dømes slik at folk får fast tilsetting og ikkje blir gåande som lausarbeidarar. Regjeringa ønskjer å svekke rettane til arbeidstakaren, medan SV vil styrke dei, seier ho.

LES ÒG: Vil nekte kvinner stemme- og talerett

Familieliv og arbeidslivet heng saman
Når Bergstø argumenterer for at regulering og lovverk er viktig for likestillinga nyttar ho foreldrepermisjonen som eit døme. Også der ser ein at rammeverket for familiepolitikken påverkar likelønsituasjonen.

– Når regjeringa endrar fedrekvoten for foreldrepermisjonen (frå 14 til 10 veker frå 1. Juli, journ.mrk) vert det vanskelegare for menn å få gjennomslag på arbeidsplassen for å ta ut pappapermisjon. Det fører vidare til at det vert vanskelegare å oppnå likestilling for kvinner, seier ho.

For både Bergstø og Lindholt er det eit poeng at lønsgapet mellom kvinner og menn har ein tendens til å auke, ettersom mange får barn i åra etter at dei har starta i arbeidslivet.

– Lønsgapet aukar valdsamt i det kvinner vert gravide og får barn. Det er ofte her dei får endra arbeidsoppgåve og vert utsett for diskriminering, meiner Bergstø.

– Vi ser at lønsgapet eskalerer med ein gong kvinner får barn. Trass i at kvinner og menn er blitt flinkare til å dele på arbeidet heime er det framleis slik at kvinner gjer mest, og at dei oftare gjer slikt som går ut over arbeidet, som å vere heime med sjuke barn, forklarer Lindholt.

LES ÒG: Mellomposisjonen

Ikkje berre pappaperm
Trass i at Lindholt er samd i at ein må sjå på dei store strukturane, meiner ho at det er viktig å rette blikket opp frå pappapermisjonen åleine.

– Likestilling handlar om meir enn tre veker pappapermisjon frå eller til. I tillegg til eit likestilt familieliv må arbeidsplassane også drive eit aktivt og kontinuerleg likestillingsarbeid, seier ho.

Ho meiner at eit aktivt partnarsamarbeid mellom myndigheitene og dei ulike aktørane i arbeidslivet må til skal ein rokke ved dei store, tunge strukturane som opprettheld lønsskilnadane, seier ho.

LES ÒG: Trur ikkje på forfremming

– Regjeringa tar saka på alvor
Ronny Røste (FrP) er statssekretær i Barne-,  likestillings- og inkluderingsdepartementet. Han synest regjeringa har sitt på det reine.

– Lik løn for likt arbeid er ei utfordring regjeringa tar på alvor. Problem knytte til likestilling i arbeidslivet vil vere ein naturleg del av arbeidet med den kommande likestillingsmelding, fortel han.

Han meiner at regjeringa har gjort mykje for å sikre likeløn.

– Regjerina har styrka trepartssamarbeidet for å sikre større kraft i arbeidet med likestilling i arbeidslivet. I arbeidsgruppa for likestiling i arbeidslivet er kjønnsbaserte lønsskilnadar, den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og ufriviljug deltid viktige tema, seier han.

Og han vil ikkje vere med på at fedrekvoten har skulda når kvinner tener mindre enn menn.

– Det er snakk om fire veker kortare fedrekvote. Eg meiner at denne reduksjonen ikkje er avgjerande i denne samanhengen, avsluttar han.

Faktaboks

I kandidatundersøkinga 2013 har dei sett på korleis det gjekk med dei som gjekk ut frå Universitetet  i Agder med bachelor- og mastergrad mellom 2010 og 2013.

Hovudtrekka i undersøkinga syner at menn både får høgare løn, høgare stillingsprosent og oftare fast arbeid.

Fleire menn enn kvinner er fast tilsett; fleire kvinner enn menn har midlertidig –tilsetting/engasjement/vikariat.

Fleire menn enn kvinner jobbar heiltida; fleire kvinner enn menn jobbar deltid.

Blant deltidsarbeidande svarer like mange kvinner som menn (7 av 10) at dei ville ønskt seg ein høgare stillingsdel.

Blant kandidatane som jobbar heiltid i éi stilling, tener menn i snitt nesten sytti tusen kroner meir enn kvinner. Menn tener meir enn kvinner uavhengig av kva fakultet dei har høyrt til, og skilnaden er størst blant kandidatar frå fakultetet for teknologi og realfag.