Det er Dagen som skriv om Norsk Luthersk Lekmannsmisjon, der kvinner tidlegare har hatt røysterett på lik linje med menn. No har debatten om kvinners røysterett blussa opp på ny, og denne gongen er det dei unge som vil ha endring.

LES OGSÅ: Ein plukka blome

Norsk Luthersk Lekmannsmisjon er ein konservativ organisasjon, som vart danna i 1963. Medlemane er spreia i små grupper rundt om i Noreg.

Under årsmøtet 10. juli var det knytt stor spaning til forslaget om å fråta kvinner røysterett på årsmøtet. Forslaget fekk ikkje tilstrekkeleg fleirtal.

Prest Konrad Fjell (31) seier til Dagen at røysteretten bør vere avgrensa til menn. Grunngjevinga hans er at årsmøtet har det øvste andelege ansvaret i organisasjonen.

– På den bakgrunn, og i ljos av aktuelle bibeltekstar om tenestedeling i kyrkjelyden, burde røysteansvaret berre vere pålagt menn, seier han.

Presten understreker overfor TV2 at det kun er i kyrkjeleg samanheng at dei ønsker at kvinner ikkje skal få stemme.

LES OGSÅ: Bannlyser jente- og gutebøker

Per Bergene Holm, som er rektor ved NLLs bibelskule på Fossnes, seier til Dagen at det har vore eit ønske om å endre grunnreglane i samsvar med Bibelen.

– Det er ei litt ulik forståing av kva som er årsmøtets funksjon og kva som er Landsstyrets funksjon. Dei som ikkje såg behov for endring ser på årsmøtet som eit meir praktisk og administrativt organ, medan Landsstyret åleine har ein hyrdefunksjon.

Sterkast blant dei yngre
Ifølgje Bergene Holm er det blant yngre menn og kvinner i organisasjonen ønsket om endring er sterkast. Mange eldre vil helse behalde ordninga slik den er no. Rektoren seier vidare at den yngre kvinnelege generasjon ikkje har delteke aktivt i høve årsmøtet, og i liten grad har nytta høve til å røyste.

LES OGSÅ: Kvinner får 40. 000 mindre

Sjølv om årsmøtet ikkje fråtok kvinner røysteretten fullstendig, vart den innskrenkja. Årsmøtet gjekk inn for eit alternativt forslag som beheld den opprinnelege formuleringa, men som har eit tillegg om at «i saker som av Landsstyret defineres som lærespørsmål, har kun menn stemme- og talerett». Landsstyret består berre av menn.

– Det er jo sånn at ein skil mellom saker som er av rein andeleg og læremessig art, og praktisk og administrativ art. Der skal Landsstyret avgjere kva for saker som er det, og kva for saker som ikkje er det. Utfordringa med den løysinga er jo at det er ei rekkje saker som er vanskelege å skilje frå kvarandre, seier Fjell til Dagen.

Har ikkje forstått likeverd
Helen Frielem Klingberg, som lenge har kjempa for likestilling i kristne miljø, meiner utspela er sjokkerande.

– Det er ganske utruleg at unge menn og kvinner ivrar for å fråta kvinner dette. Dei har ikkje fått med seg forståinga av kvinner og menns likeverd, seier Helene Frielem Klingberg til TV2. Ho er tidlegare journalist, forfattar og har hatt ei rekkje verv i kyrkjeliv og organisasjonar.

LES OGSÅ: Homoreservasjonane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE