Suksess med uperfekt frukt

Med kampanjen «Inglorious Fruits and Vegetables» sel den franske butikkjeda frukt ingen andre vil ha – og butikkhyllene blir fort tomme.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hadde du ete denne frukta?

Den franske butikkjeda Intermarché tek til seg EU si oppmoding om å kasta mindre mat, og lanserte kampanjen «Inglorious Fruits and Vegetables» – eller «les Fruits & Légumes Moches». Uperfekt frukt og grønt, på godt norsk.

Sjå presentasjonen av kampanjen her:

LES OGSÅ: Puttar insekt i energibar

90 millionar tonn blir kasta

2014 er det europeiske året mot matavfall, ein kampanje for å redusera mengda av mat som blir kasta i heile Europa. Kvart år vert det kasta over 90 millionar tonn med mat – mykje av dette er frukt og grønsaker som ikkje vert sett på som bra nok. Døme på dette er gulrøter med to bein, ein krokete agurk eller epler med merkelege utvekster.

Intermarché kjøpte opp frukt og grønsaker som ingen andre ville ha, og sette dei opp i eigne hyller på butikkane sine. Ved sida av vart det delt ut smaksprøvar av grønsakssuppe og juice laga med frukten – og reaksjonane var strålande.

LES OGSÅ: Får brødet til å vara lengre

Tomme hyller

– Me hadde berre eit problem. At me vart utseld, seier Intermarché sjølv i videoen om kampanjen som du kan sjå lenger oppe i saka.

Med lågare pris og smaksprøvar solgte dei uperfekte grønsakene godt, og no oppmodar Intermarché fleire til å gjera det same.