Ny norsk terrorlov forseinka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap kritiserer regjeringa

Lovforslaget skulle regulera den typen situasjon som har oppstått no etter terrortrusselen mot Noreg, og skulle gi ein lovheimel når politiet treng bistand frå Forsvaret, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Unge kan få traume gjennom media

Har venta i eitt år
Sidan loven ikkje er sendt til Stortinget enno, må regjeringa støtta seg på ein tidlegare instruks.

11. juli i fjor sende den raudgrøne regjeringa lovforslaget ut på høyring, med ein høyringsfrist sett til 11. oktober det same året. Men etter regjeringsskiftet har lovforslaget stoppa opp.

Regjeringa viser ikkje mykje handlekraft om dei har late lovforslaget bli liggjande eit heilt år, fastslår leiar i justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik (Ap).

Ho seier det er svært viktig med ei demokratisk forankring i lovs form når Forsvaret yter bistand til politiet.

– Ikkje berre ut frå demokratisk forankring, men reint funksjonelt ved å ha tydelege kriterium for når politiet kan få bistand frå Forsvaret, seier Tajik.

Forsvarsdepartementet stadfestar at arbeidet med lovforslaget framleis held på.

– Regjeringa har framleis høyringsutkastet og høyringsinnspela til behandling, seier kommunikasjonsrådgjevar Lars Gjemble i departementet. (©NPK)