18 prosent av oss fryktar båtførarar med promille når vi er på sjøen.

Det viser ei spørjeundersøking gjort blant 1.249 personar som Ipsos MMI har utført for kampanjeorganisasjonen for alkovett AV-OG-TIL, fortel Dagsavisen.

LES OGSÅ: Éin av ti har foreldre som drikk

God grunn til å vera merksame

Halvparten av dei spurde svarte at dei ikkje frykta rusa båtførarar, 5 prosent visste ikkje og for 26 prosent var ikkje spørsmålet relevant.

– Erfaringane viser at folk har god grunn til å vere merksame på at det kan vere fulle båtførarar på sjøen. Du kan ikkje ta det for gitt at alle er like opptekne av tryggleik. Derfor bør ein vere forsiktig, seier Kari Randen, dagleg leiar i AV-OG-TIL til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Rusa på livet

Frykta for rusa båtførarar er størst på Austlandet utanom Oslo, der 23 prosent av dei spurde stadfesta frykt for dette. I Nord-Noreg var 9 prosent redde for rusa førarar til sjøs.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53
ANNONSE