Nynorskens hus opnar i Oslo

I september blir lokala til Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), Bondeheimen, Kaffistova og Heimen døypt om til Nynorskens hus.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namnet var det forfattar Jon Fosse som kom fram til. Opninga vil skje under Haustfestivalen og med urpremiere av stykket «Hav» av Fosse den 26. september og ei rekke andre kulturarrangement.

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Satsinga vil vere eit samarbeid med fleire organisasjonar, og Noregs Ungdomslag og Det Norske Samlaget. Målet er at huset skal vere ein stad for å bringe folkekunst og folkekultur fram og utviklast.

LES OGSÅ: Vil du ha 5000 kroner?

Utviklingsansvarleg Liv Hege Skagestad håper huset vil bidra til at fleire kan ta del i den norske kulturarven.

– Mange barn og unge, kanskje særleg i Oslo, har kanskje ikkje god nok tilgang til den breidda vi har i det norske språket når det kjem til dialektar og det å utforske nynorsk kultur, seier ho til Dagsavisen.

– Vi ønskjer å gi befolkninga, på tvers av generasjonar og miljø, ein talarstol, ein møtestad og ein scene for å uttrykkje seg og ikkje minst ta i bruk den rike og samansette nynorske kulturarven, seier Skagestad.

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok