Kjøper million-leilegheiter til barna

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjøper leilegheit til student-barna

– Norske studentar opplever ei bustadkrise som er større enn nokon gong. Som fersk student, nyleg flytta frå far og mor til ein by dei ikkje kjenner, vil mange slite med å finne tak over hovudet, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Anders Kvernmo Langset i ei pressemelding.

Men ikkje alle som nyleg har flytta frå far og mor slit like hardt. Bergens Tidende melder om at meklarane i Bergen opplever sterk pågang frå foreldre som vil kjøpe bustad til nye studentar.

Som ein tur i butikken
Årets studentbustadundersøking syner at berre kring 14 prosent av studentane får bu i studentbustad. 15. 000 bustader manglar før dekningsgraden på 20 prosent er nådd.

94 prosent av studentane må arbeide for sidan av studiane for å dekkje utgifter til bustad, som et opp 74 prosent av den totale inntekta deira.

LES OGSÅ: Student på hybeljakt?

Medan dei fleste leiger på privatmarknaden, kan det også verke som ein veksande del av studentane får bustadar av foreldra.

Ifølgje BT merkar alle dei fem største meklarhusa i Bergen pågangen frå kjøpeviljuge foreldre.

– Foreldra er så ivrige at dei køyrer til Bergen, kjøper leiligheit same dag og køyrer heim att. Det er som om dei skulle ha vore ein tur på butikken, seier meklar Hans Petter Midbrød i Eiendomsmegler Vest til BT.

Prisane kan falle
Sjefsøkonom Harald Magnus Andreassen åtvarar mot at bustaden kan komme til å koste meir enn den smaker.

For det første peikar han på at studentane berre bur i byen i to til fem år. Då vil kostnadane ved kjøp og sal, som meklarhonorar og dokumentavgift, og utgiftene knytt til flytting, som møblar og eventuell oppussing, gjere prisen for å eige høg i høve til normal leigepris.

LES OGSÅ: Færre studentbustader i Bergen

For det andre kan bustadprisane komme til å falle dei nærmaste åra, ifølgje sjefsøkonomen.

– Prisnivået er historisk høgt. Det skuldast både ein spesielt sterk norsk økonomi og ei svært låg rente. Det held ikkje til evig tid, seier Andreassen til avisa.

Han meiner det er ein unaturleg situasjon at studentar kjøper eigne bustader.

Medan det før var foreldre til studentar ved NHH som dominerte marknaden, er foreldre til studentar ved Universitetet i Bergen og dei andre høgskolane no minst like ivrige. Dette ifølgje Eiendomsmeglar Vest.

LES OGSÅ: Færre lærarstudentar stryk i matte