Barneombodet foreslår byomfattande barnevern for særleg sårbare barn i Oslo.

I eit brev til helse- og sosialbyråden i Oslo, rår Barneombodet byråden til å opprette eigne, byomfattande tiltak for å sikre særleg sårbare barn i Oslo-området.

Barneombodet er særleg uroa for mindreårige utlendingar, barn av fattige tilreisande og barn med rombakgrunn.

Vil ta betre vare på barna
Barneombodet meiner ei byomfattande teneste i større grad vil sikre at barn får dei riktige tiltaka til rett tid.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

I brevet vert det argumentert for at slike tiltak vil ta betre vare på barn som flyttar seg mellom dei ulike bydelane. I tillegg meiner ombodet at tenesta i større grad vil kunne byggje kompetanse på tema som menneskehandel.

Ansvaret sluttar ved bydelsgrensa
Barneombodet vert jevnleg kontakta av instansar som er uroa for barn utan opphaldsløyve i Oslo, som Politiet og Kirkens Bymisjon.

Barn utan omsorgspersonar er særleg sårbare for menneskehandel, men det krev kompetanse for å kunne avgjere om eit barn er eit mogleg offer for slike handlingar.

Barnvenstenestene i Oslo er i dag organisert etter bydelar. Den bydelen der barnet oppheld seg er ansvarleg for bornet. Utanom kontortid, tek Barnevernvakta akutte saker.

LES OGSÅ: Få kommunar har barnevernsvakt

Ombodet peikar i brevet på at i saker der barn faktisk er offer for menneskehandel, vil bakmennene unngå kontakt med hjelpeapparatet. Men også i tilfelle der menneskehandel ikkje er eit spørsmål, har mange av barna liten tillit til politi, barnevern og andre offentlege tenester.

Ifølgje ombodet er det med dagens system relativt enkelt å unngå hjelp, ved at barnet flyttar seg sjølv eller blir flytta mellom ulike bydelar.

Avvist i ein bydel, fekk hjelp i ein annan
Praksisen og kompetansen varierer også mellom dei ulike bydelane.

Kirkens Bymisjon har mellom anna meldt om eit tilfelle der barnevernet i ein bydel avviste ei melding om mogleg menneskehandel utan å undersøke saka nærare. Bymisjonen venta då til kvelden og kontakta Barnevernvakta for å få hjelp til guten.Det har også hendt at barn har blitt frakta frå bydelar som ikkje ville ta saka til bydelar som vil.

LES OGSÅ: – Ikkje alle er like heldige som meg

Ombodet meiner ei byomfattande barnevernsteneste i større grad enn lokale barnevernstenester vil kunne byggje opp den kompetansen som trengst i krevjande saker.

Barn av tilreisande og norske barn med rombakgrunn
Ombodet er også særleg uroa for barn av personar som kjem for å tigge, samle flasker eller liknande. Ifølgje ombodet er det ikkje vanleg at personar som kjem for å tigge eller samle flasker har med seg barn, men somme kvinner føder av ulike årsaker barna sine i Oslo.

Kring 10-15 barn skal vere fødd i denne gruppa i Oslo det siste året. Sjølv om kvinnene som regel reiser heim så fort dei kan, melder Bymisjonen om at kvinner og barn etter fødselen kan ha det svært vanskeleg.

Mangel på tidlegare praksis og uklåre reglar gjer at desse sakene vert handsama svært ulikt. I nokre tilfelle skal både barnevern og NAV ha avvist å hjelpe med bustad, i andre skal mor og barn ha fått plass på familiesenter.

LES OGSÅ: – Sviktar mindreårige asylsøkjarar

Barneombodet har også vore uroa for norske barn med rombakgrunn over lengre tid. Eit av problema er at skulefråværet er høgt for gruppa.

Romkulturen inneber ifølgje ombodet mykje reising og for mange, mykje flytting. Særleg gjeld dette familiar der barnevernet er involvert, som kan ta med seg barna og flytte til ein annan bydel eller kommune.

Kan byggje tillit
Ombodet meiner ei byomfattande teneste vil vere meir effektiv i slike saker. Ei slik endring vil også kunne auke den kulturelle kompetansen, meiner ombodet, slik at barnas rett til å halde på eigen kultur kan bli teke vare på.

I tillegg meiner ombodet at byomfattande barnevern vil kunne byggje tillit mellom det offentlege og sårbare grupper, som av historiske årsaker kan ha eit svært vanskeleg forhold til barnevernet.

LES OGSÅ: Mindre etnisk diskriminering

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE