– Endre systemet, ikkje klimaet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dugnaden må byrje heime

Under konferansen Social Precop var verdas sivilsamfunn førre veke samla på Margarita-øya i Venezuela. Aktivistane krev klimahandling frå verdas leiarar før klimaforhandlingane i Lima til hausten.

Konferansen er den første i sitt slag, og sosiale grasrotrørsler frå heile verda deltok under slagordet «Changing the system, not the climate».

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Målet med konferansen, der over 250 aktivistar var samla, var å kome med grasrotas krav til FNs klimaforhandlingar og verdas statsleiarar.

Håpar leiarane vil lytte
Natur og Ungdom var den einaste norske rørsla som deltok på konferansen.

– Verda treng ein ambisiøs klimaavtale, dersom vi skal hindre dei aller mest alvorlege konsekvensane av klimaendringane. Eg håpar at verdas leiarar lyttar til stemmene frå folket når framtidas globale klimapolitikk skal forhandlast fram, seier nestleiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjolvær, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar

Rike land sitt ansvar var eit særleg viktig tema under konferansen.

– Menneskeskapte klimaendringar er ikkje berre eit miljøproblem, men eit gjennomgåande samfunnsproblem som vil ramme oss alle. Rike land har likevel eit særleg og historisk ansvar for å gå foran med å kutte sine utslepp, seier Skjoldvær.

– Dugnaden må byrje heime
Natur og Ungdom meiner at det er på tide at norske myndigheiter gjer alvor av løfte om å bidra i klimakampen. Dugnaden må byrje heime, ifølgje organisasjonen.

– Altfor lenge har Noreg framstått som ein ambisiøs og handlekraftig nasjon på klimakonferansar utanlands, utan at det har fått konsekvensar for den største forureinaren her heime, oljeindustrien. No er det på tide å feie for eiga dør, meiner Skjoldvær.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet