Solvik-Olsen: – Me har fått til meir enn Segway

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saman med statssekretærane Bård Hoksrud (Frp) og John-Ragnar Aarset (H) held samferdselsministeren ein pressekonferanse på brakkeriggen til Statens vegvesen på Paulsenkaia fredag.

– Opposisjonen har brukt så mye på tid på gjere Segway til noko viktig, og det gjer dei for å få oss til å verka smålege. Me må fortelja om dei store tinga me har gjort, i staden for å hengja oss opp i diskusjonar om ståhjuling og 110-kilometersgrensa, seier Solvik-Olsen til NTB.

LES OGSÅ:– Uansvarleg av Frp

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) (f.h.), samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og statssekretær John-Ragnar Aarset (H) under eit pressemøte på Paulsenkaia i Oslo fredag føremiddag. E18 Bjørvika-prosjektet i bakgrunnen. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Bompengar

Sjølv om Framstegspartiet har fått draumen om å fjerna bompengar knust, er statsråden tilfreds med at dei har fått sju strekningar frie for bompengar.

– Me veit veljarane våre er veldig opptekne av det, og det er ingen løyndom at me ikkje fekk gjennomslag for å få fjerna alle bomstasjonar. Som rein Frp-ar er eg ganske nøgd med delar av det vi har fått til, seier Solvik-Olsen.

I staden må folk nøya seg med ein bompenge-rabatt. Ei reform skal redusera takstane med mellom 10 og 30 prosent, ifølgje statsråden.

– Når denne reforma er operativ ein gong neste år, vil du i stort sett alle bompengestasjonar over heile landet få betre rabatt. Det viser at me har gjort ein skilnad, sjølv om me ikkje har fått til alt, meiner han.

LES OGSÅ: Vil leggja trafikk utanom tettstadene

Frp-forventningar

Resultat innan jernbane, kollektivtrafikk, veg, hamn, luftfart og telekommunikasjon vart trekte fram under pressekonferansen. Mellom anna skal arbeidet med nye godsterminalar i Bergen og Trondheim starta raskare enn planlagt.

– Det var ikkje så mange som hadde forventningar til ein Frp-ar når det kjem til jernbane, men no som me sit i regjering, treng me ikkje å skrika så høgt om berre veg for å få merksemd. Me kan vise breidda vår, seier Solvik-Olsen.

Statssekretær Aarset seier jernbanesektoren kan forventa endringar i tida som kjem.

– Me har gått igjennom alle oppgåvene som jernbanesektoren utfører, og vil no prøva å setja saman dei arbeidsoppgåvene og gjere dei meir optimale. Det vil tyda endringar for både NSB, Jernbaneverket og alle som jobbar innanfor jernbane, seier han.

LES OGSÅ: Høgre-politikar vil ha oppkøyring for 17-åringar

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) (f.h.), samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og statssekretær John-Ragnar Aarset (H) ser på E18 Bjørvika-prosjektet under eit pressemøte på Paulsenkaia i Oslo fredag føremiddag. Foto: Vegard Grøtt/NTB scanpix

Ferie med lyntog

Solvik-Olsen seier seg nøgd med utført jobb etter ni månader og to dagar i regjering, men ber folk hugsa på at det tek tid å få ting gjennomført.

– Me kunne sikkert vore meir effektive på mange saker, men dei første månadene brukar ein jo berre på å orientera seg i jobben. Eg er ganske trygg på eg skal få gjort meir dei neste ni månadene eller det neste året, seier samferdselsministeren.

Om eit par veker dreg han på ferie til Spania. Der skal han mellom anna køyra spansk lyntog, fortel han.

Og i motsetnad til kollega Bård Hoksrud, som velvillig testa ståhjuling då det vart lovleg, har Solvik-Olsen ennå ikkje fått prøvd seg.

– Men det hadde jo vore gøy å testa det, seier han.

LES OGSÅ:Hang til kjærleik