Dette gjer du garantert feil

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje så lett å ta vare på seg sjølv, og no skal det bli endå vansklegare. Her er fire ting du mest truleg gjer litt feil.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

1– Toalettbesøket

Det er fleire ting ved noko så enkelt som å gå på do som er feil, og mykje ligg i at teknologien i toalettet eigentleg ikkje har utvikla seg i nokon særleg grad sidan det kom til verda. Eg tenkjer ikkje då på teknologi som gjer småting som tørking og vaksing lettare – her er det snakk om sjølve tarmtømminga.

Sjølv om toalettet slik me kjenner det har eksistert sidan slutten av 1500-talet, har det ikkje utvikla seg dramatisk sidan den gong. Kvar ligg feilen? Blant anna i høgda på setet.

For medan over 400 år virkar som lang tid, er det ingenting samanlikna med kor lenge me har hatt behov for å tømma tarmen, naturleg nok. Før vassklosettet og andre system var det ikkje vanleg å sitja som me sit på ein benk når me går på do, men på huk.

LES OGSÅ:Dansken som skal leia festival i fjellheimen

Me var, som du sikkert veit, jegerar og samlarar på eit punkt, og uti felten vart toalettproblemet løyst med å setja seg på huk. Slik er kroppen vår laga endå – tarmen blir rettare når du sit på huk, og heile operasjonen går lettare.

I den vestlege verda byrja me først å tenkja over dette i 1978, då den amerikanske presidenten Jimmy Carter måtte ta fri frå jobb fordi han sleit med hemoroider. Då sa proktologen Michael Freilich dette: «We were not meant to sit on toilets, we were meant to squat in the field»

Det kan og nevnast at skyllesystemet me brukar i dag ikkje er direkte miljøvennleg. Du kan lesa meir om det hos The Guardian.

LES OGSÅ:Hang til kjærleik

«Dette føles ikkje heilt rett» Illustrasjon: Colourbox.com

2 – Pusting og søvn

Av dei heilt daglegdagse tinga me gjer litt feil, er det fleire på lista. Både pusting og søvn er ting som burde vera lett nok, men som blir gjort litt feil. Det er tydelegvis ikkje heilt lett å ta vare på seg sjølv.

Folk flest har ei uvane i at dei pustar med brystet, medan over halvparten av blodkara som tek opp oksygen ligg i botnen av lungene. Ved å samla lufta øvst i brystkassen, tek me opp mykje mindre oksygen enn det me faktisk kan, og det kallast shallow breathing.

Når det gjeld sovinga, er dårleg søvn eit kjend problem. Lifehacker har ei fin liste over ting som kan hjelpa med det. Eit tips på lista kom frå ein lesar, om korleis du skrur på alarmen. Han brukte klokkeradio ved sida av senga, og sette den høglyttande, skrikande alarmklokka på andre sida av rommet, klar til å ringa eit minutt etter klokkeradioen kom seg på. Ein god måte å komma seg opp fort på, der det å unngå den hjerteskjærande alarmen fungerer som motivasjon.

LES OGSÅ:Ida (19) har budd eit år i ei hole

Alt var ikkje betre før. Illustrasjon: Colourbox.com

3 – Å tru den neste generasjonen er dummare enn den tidlegare/Å tru at alt var betre før

Ungdommen no til dags, altså. Du har nok høyrt før, kanskje til og med tenkt, at befolkninga blir berre dummare og dummare. Det har til og med blitt laga filmar om det, som Idiocracy, som du kan sjå traileren til under.

Og sjølv om det kan vera mange slåande bevis på at me blir dummare og dummare, blir me faktisk berre smartare for kvar generasjon som går.

Det kallast Flynn-effekten, og baserer seg på IQ-testar. Sjølv om den gjennomsnittlege IQ-en ikkje endrar seg noko særleg, er det fordi me gradvis gjer testane vanskelegare. For kvar generasjon blir gjennomsnittet satt til 100, og sjølve talet held seg ganske uforandra.

Men som James R. Flynn fann ut, mannen bak Flynn-effekten, stig IQ-en nokre hakk for kvar generasjon. Dagens ungdom ville med andre ord gjort det frykteleg skarpt på ein IQ-test frå 50-talet.

Når me snakkar om før og no, er det og fort å klaga på at musikken var betre før, basert på kva som toppar hitlistene. Som du kan lesa hos Cracked.com, er det ikkje heilt riktig det heller.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Jaaaadå, Geir. Flott det. Oioioi, så sprek du er. Illustrasjon: Colourbox.com

4 – Visa oss fram på sosiale media

Jaudå. Rumpa di har blitt ordentleg fin dei siste vekene. Du verden, så flink du har vore.

Folk er glade i å visa seg fram på sosiale media  – og det er flott det, folk skal få vera stolte av det dei får til. Men av og til kan glansbileta ta overhand.

I fjor starta organisasjonen Ung Hjelp kampanjen Facebook for real, for å få folk til å tenkja seg om før dei skryt sitt eige liv oppi skyene, og får gjennomsnittlege liv til å virka stusselege.

Og sjølv om det har vore mykje snakk om kroppspress mot jenter, er det ikkje berre dei som vert råka – no må og gutane kjenna på presset.

Om du vil lesa om endå fleire ting du kanskje gjer litt feil, kan du gå til Huffington Post.