Dansken som skal leia festival i fjellheimen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.04.2017 15:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho tek over Vinjerock

– Det må vere verdas feitaste festival, med verdas feitaste plassering, seier danske Julie Forchhammer.

Det er første gang ho vitjar festivalen, som ho til neste år tek styringa over.

Påtroppande og avtroppande festivalsjef på Vinjerock ser allereie ut som eit gamalt ektepar, der dei spaserer rundt i matchande Bergans-jakker i Jotunheimen. Julie lærer av festivalsjef John Olav Hovde, som ho snart skal fylle fjellskoa etter.

LES OGSÅ: Vinjerock utselt på under eitt minutt

Ny vangsgjelding
Framtida møter dei på torsdagen, då har dei allereie arbeidd med rigging i ei veke og teltleiren, som har poppa opp i fjellet har vekse seg stor. Folk kjem framleis til med bussar.

-Det er utruleg populært og heilt umogleg å få billettar til. Så har dei ein musikkprofil og eit miljøengasjement eg likar, seier Julie, som har freista å få billettar før, men no har sikra seg festivalplass med ny jobb.

I stillingsannonsa for Vinjerock stod det at spesifikt at festivalsjefen måtte flytte til Vang. Det er Julie meir enn entusiastisk for – nesten euforisk ifølgje hennar forgjengar.

For John Olav vart pendlevegen på 45 mil for lang, men han kjem attende på festivalen i ei eller anna rolle til neste år.

No skal han vere pappa og gitar- og bandlærar i kulturskulen. Kven veit – kanskje avlar han opp nokre komande Vinjerock-band.

LES OGSÅ: – Der låg eg og åt masse smågodt og såg på porno

Danske til fjells
– Hadde dette vore min siste festival så hadde det vore vemodig. Fordi eg har møtt så utruleg mange fine menneskjer, som eg ikkje vil miste, seier John Olav til Framtida.

– Å, det var fint sagt, tykkjer etterkommaren.

Dei to har kome inn for å tørka seg på Eidsbugarden hotell, som ligg nær festivalområdet. Heldigvis er vêrmeldingane framover meir lovande. Opprigginga har gått fint, samanlikna med John Olav sin første festival som sjef i fjor, då vinden blas imot dei.

Men korleis skal det gå når ein person frå flate Danmark skal leia Noregs største rockefestival til fjells?

– Eg er ikkje friluftskyndig, men eg er interessert, seier Julie, som er ivrig etter å sjå meir av Noreg og gler seg til å oppleve meir av Jotunheimen. Det vert det mange høve til no når ho no har busett seg i Vang.

LES OGSÅ: Festival i dei vakraste omgivnader

Nynorskutfordring
Og det er ikkje fare for at den nye festivalsjefen ikkje går inn i profilen til den stolte nynorske festivalen oppkalla etter landsmålsdiktaren Aasmund Olavsson Vinje sjølv.

– Eg hugsar eg tykkjer det var veldig vanskeleg på vidaregåande, men eg held på å øva meg på nynorsken. Eg har byrja å posta litt på sosiale media, men då må nokon andre sjå over det først, forklarar Silje, som har budd i Noreg i 25 år og snakkar nesten meir sørlandsk enn dansk.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm

Julie Forchhammer er dansk, men har budd i Noreg i 25 år. Dei siste åra har ho vore miljøsjef for Øyafestivalen, og no reiser ho inn i fjellheimen.

Tidleg krøkast
41-åringen kan skilte med meir festivalerfaring enn dei fleste.

– Første gong eg var frivillig på festival var med mine foreldre då eg var seks år. Då hadde eg jobb med å vaske toalett og tappe øl på Tønder folk- og jazzfestival.

– Du fekk tappe øl?

– Det var Danmark på 80-talet så det var andre tider, smilar ho.

John Olav har høyrt denne historia ein god del gonger før allereie.

Julie kjem frå stillinga som miljøsjef på Øya-festivalen. Før det har ho arbeidd i musikkbransjen i 20 år med eit avbrekk på fem år i Regnskogfondet. No er ho klar for nye utfordringar i meir rurale strok og har høge forventningar til sin første Vinjerock.

– Eg håpar eg får lært mykje og at eg ikkje eg øydelegg den gode jobben John Olav har gjort, seier Julie.

Ho er imponert over dei frivillige, som får gjort scenerigging, brobygging og anna førefallande arbeid i ein fart. Gjerne med traktor.

– Vang har ein enorm traktortettleik. Nesten ein av tre har traktor. Eg har ein draum om å lære meg å køyre traktor, slik at eg kanskje kan gjere det til neste år, smilar Julie.

LES OGSÅ:Forlet studiebygda med kulturfestival

Sosiale rammer
Neste år er det altså ho som skal leia 500 frivillige, og saman med dei laga ein aktiv musikkfestival for 3000 heldige publikummarar.

Den siste tida har den utflytta dansken fått mange gode råd frå telemarkingen, som slit med å summera det heile i eitt godt råd.

– Bortsett frå å flytta hit, som ho allereie har gjort, så må det vere å hugse kva Vinjerock er. Det er ikkje berre ein parkeringsplass på fjellet, men så mykje mykje meir. Det er musikk, friluftsliv, fjellet og den lokale maten, som skapar den sosiale ramma, avsluttar avtroppande sjef John Olav.

LES OGSÅ: Hang til kjærleik – om eit instrument du aldri har høyrt før!

Faktaboks

Fakta om Vinjerock

Vinjerock blir arrangert på Eidsbugarden i Jotunheimen, og er Noregs største musikkfestival over tregrensa.

Festivalen er oppkalla etter diktaren Aasmund Olavsson Vinje

I år spelar artistar som Timbuktu, Odd Nordstoga, Kaja Gunnufsen og Daniel Kvammen på festivalen

I tillegg til musikken fokuserer og Vinjerock på friluftsliv og miljø