Krev framleis 25 prosent nynorsk i NRK

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Står på nynorsk-krav til NRK

Kulturdepartementet sende i starten av juni NRK-plakaten ut på høyring. Plakaten er ein del av statuttane til statskringkastaren. Det er her vi mellom anna finn kravet til minst tjuefem prosent nynorsk. I sitt høyringssvar ber Målungdomen om framhald av denne regelen.

– Nynorsken er i mindretal. Men nynorskbrukarar har også krav på å sjå språket sitt. I rikspressa er språket mest totalt fråverande; jamvel forbode fleire stader. NRK må fungere som ein motpol og stø opp om nasjonal nynorskbruk, forklarer Karl Peder Mork.

LES OGSÅ:Fleire vil bli nynorskpraktikantar

Det totale gjennomsnittet av nynorskbruk i NRK ligg i dag under 25 prosent-grensa. Det talet er like vel aukande. Målungdomen viser i sitt høyringssvar til NRK Super som dei siste åra har passert minstekravet. Det er Mork godt nøgd med.

– Språket i ein barnekanal som NRK Super har ein viktig pedagogisk verdi. Nynorskbrukande barn får sjå språket sitt på TV i beste sendetid. Bokmålsbrukande barn får lære mindretalsspråket dei ikkje får gjennom andre media. Dette tener alle på, slår Mork fast.

Det er uvisst kva som vil skje med språkreglane i NRK. Stortinget skal behandle ei språkmelding om NRK neste år. Mork vonar stortingspolitikarane vil stø opp om nynorsken.

– Som Noregs største kringkastar har NRK eit særskilt ansvar kva gjeld synleggjering av språket. I mai fekk vi Grunnlova på nynorsk, denne stadfestinga av skriftspråket må sjølvsagt bli spegla i ein statskringkastar, avsluttar Mork.

LES OGSÅ:Framleis låg nynorskbruk på NRK.no