Det finst berre tre hang i Noreg. Birgitte Bakke kjente det som ho fann att sin stolne baby første gong ho høyrde det sjeldne instrumentet. Sjå video!

mm
Faktaboks

Kva er hang?

–        Ofte kalla hang drum

–        I fleirtal hanghang

–        Originalane er produsert av PANart Hangbau AG i Sveits

–        Introdusert i år 2001 av Felix Rohner and Sabina Schärer

–        Oppfinnarane har slutta å produsere hang for å utvikla instrumentet gubal

–        Kan framleis kjøpast av produsentar i USA og Spania

Kjelde: Hangblog.org, Wikipedia http://www.hanghang.info/

LES FAKTALUKK FAKTA

2007: På gata i Amsterdam høyrer Birgitte Bakke ein lyd ho aldri har høyrt før. Med albogane banar ho seg veg gjennom folkemengda. Ho må finne ut kva og kor mange instrument som lagar lyden folk har flokka seg rundt. Når ho endeleg ser ein mann med apemaske og ein ufo i fanget, sviktar beina og ho dett saman, men ho klarar likevel å filme litt med mobiltelefonen. Det er kjærleik ved første lytt.

– Når folk spør kva den kostar seier eg ein god porsjon flaks, mykje tolmod og 1200 euro, smilar 39-åringen frå Landås, som er busett i Bergen.

Framtida møter ho og hangen på heimebane. Sjå video her!

Hang from Framtida on Vimeo.

LES OGSÅ: Ida (19) har budd eit år i ei hole

Ny oppfinning
Italienaren som introduserte hang for Birgitte i Amsterdam fortalte kvar ho kunne få tak i instrumentet. «Write a letter from the heart», var hans råd.

Det finnast ikkje mange hang i verda, då det er få produsentar og oppfinninga er ny. Tre av desse har fast base på norsk jord.

Instrumentet er noko så uvanleg som eit instrument frå denne sida av 2000-talet. Den første hangen såg dagens ljos i 2001. Sveitsarane Felix Rohner and Sabina Schärer utvikla instrumentet inspirert av karibiske ståltrommer.

Seinare har dei fortsett å finstemme instrumentet i nye generasjonar. Kvart kull består av 30 hanghang, og å stemme desse tek tre månadar. Det betyr at i underkant av 100 hang vart produsert årleg. No har oppfinnarane slutta å produsere for å konsentrera seg om å utvikla det nye instrumentet gubal. Ein produsent i Spania og ein i USA har teke over marknaden.

LES OGSÅ: Kva er koplinga mellom hard musikk og komplisert logo?

Ord på skinn
Lang tid skulle gå før Birgitte fekk sin eigen hang. Først fann ho ikkje dei rette orda, så fann ho ut at brevet ikkje kunne skrivast på papir. Etter eitt år hadde ho skrive, sydd og prega bestillinga si på skinn, som ho sendte i ein heimesydd skinnkonvolutt. I februar 2009 kunne ho sjølv reise til Bern i Sveits for å hente hangen.

Der fekk ho låne eit rom med alle dei nyproduserte hangane og prøvespelte natta lang. Den aller siste, den som var litt feilstemt og difor ikkje heilt ferdig pussa, fall Birgitte for. Den syngande tonen, som eigentleg ikkje skal vere der, kjentest i heile kroppen. No er instrumentet vorte ein del av henne.

– Eg vert gjerne «hon med hangen», men det er heilt greitt, smilar Birgitte Bakke, som forklarar at det ikkje er ei tromme, trass i at det vert kalla hang drum.

LES OGSÅ: Småkommunar på helsetoppen

Lyden av hang er verkeleg heilt unik. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Vikingufo
Instrumentet, som måler ein halv meter i diameter og veg rundt 4,6 kg, kan gje assosiasjonar til ufo-ar eller vikingskjold. På undersida er eit hol, som gjer at Birgitte kan pakke klede inne i hangen om ho berre vil fly med handbagasje.

– Når eg skal skildra det seier eg at folk må høyre det sjølv. Eg har høyrt folk samanlikne det med ei blanding av harpe og piano, men den har ingen strenger. Det er stemt stål. Det er verkeleg ein heilt eigen lyd.

Ho er oppvaksen i ein svært musikalsk familie, dotter av ei songarinne og jazzpianist Stein Bakke frå Stord.  Sjølv har ho spelt piano frå ho var lita og afrikanske trommer i seinare tid. Ho nyttar pianofingrar meir enn trommehender på hangen, og speler meir tema enn ferdige låter. Utfordringa er å gjere musikken spanande med sju tonar og bass i D-dur.

LES OGSÅ: Ti favorittar i sommar

Terapi-instrument
Heilt sidan barndommen har Birgitte nytta musikk som eigenterapi. Det gjer ho framleis, i tillegg til at ho nyttar det i lydterapi gjennom konseptet Lydbad.

Hangen har opna mange dører. Ho har mellom anna spela med cello og sekkepipe. I tillegg har Birgitte spelt inn plata «Pure Hang». No skal ho samarbeide om det som kan verte ei ny utgjeving med stordingen Stian Jacobsen, som har latt seg fascinere av instrumentet

– Han sa at et er det ypparste innan innan lydteknologi i verda i dag. Og det treng ikkje straum ein gong!

Sjølv er Birgitte nyforelska i hangen etter å ha fått ny kjennskap til instrumentet. Ifølgje musikaren kan alle spele hang. Det er ikkje rakettforsking. Å utvikla instrumentet derimot, er rakettforsking. For i tillegg til den unike forma, har hangen ei anna legering der stål er tilsett nitrogen.

Resultatet av tre månaders stemming vert ein lyd ulik nokon annan, som fell i smak hjå dei fleste.

LES OGSÅ: Følg grunnlovsferda her!

Tåremusikk
Komande spelejobbar for Birgitte er mellom anna ei gravferd og ein bryllaup.

– Eg likar å spele på gata å teste reaksjonane til folk, svarar Birgitte på spørsmålet om kva speleopplevingar som er hennar beste.

Hang er framleis eit ukjent instrument for mange og ho får gleda av å introdusera det. Fleire har teke til tårene av instrumentet, som Birgitte kallar melankolsk.

Mange vert fascinert. Mellom anna musikar Timothy Drury frå Whitesnake, som etter å ha høyrt hangen på Torgallmenningen insisterte på å gje Birgitte si eiga plate og gjestelisteplass på konsert.

Kombinasjonen av popularitet og få eksemplar kunne gjort hang til ei svartebørsvare. For å hindre at folk vert utnytta må ho difor skrive under på eit dokument om at ho ikkje skal selje hangen for meir enn ho kjøpte han for. For Birgitte er det uansett ikkje aktuelt å selje kroppsdelen sin.

– Det einaste eg har forsikra er hangen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE