Det blir mindre og mindre populært med namn med Æ, Ø og Å, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Faktaboks

Topplista for namn i 2013

Gutar

1.      Filip/Fillip/Philip/Phillip

2.      William

3.      Lucas/Lukas

4.      Mathias/Matias

5.      Jakob/Jacob

6.      Oskar/Oscar

7.      Oliver

8.      Alexander/Aleksander

9.      Magnus

10.   Isak/Isac/Isaac

Jenter

1.      Emma

2.      Sara/Sarah

3.      Sofie/Sophie

4.      Ingrid/Ingerid

5.      Nora/Norah

6.      Maja/Maia/Maya

7.      Linnea/Linea

8.      Thea/Tea

9.      Sofia/Sophia

10.   Emilie

LES FAKTALUKK FAKTA

Det skriv NRK. Grunnen er ein generell nedgang i nordiske namn, men internasjonalt orienterte foreldre vil nok og unngå særnorske bokstavar i namna til borna sine, seier professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, Gulbrand Alhaug, til NRK.

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever

Færre dobbeltnamn og større spreiing

Tala viser og at det har blitt langt færre dobbelnamn i Noreg, samt ei mykje større spreiing.

– På 1900-talet kunne det vore så mange som 15 prosent i kullet som heitte det same. No er det sjeldan me ser at eit namn når over to prosent, forklarar Alhaug til NRK.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

Han legg og til at det er vanskeleg å spå korleis navnetrendene vil endra seg i åra som kjem framover, og at det er mange faktorara som spelar inn. I fjor var variantar av namnet Filip det mest populære gutenamnet, medan Emma var mest populært for jenter.

Les heile saka til NRK her.             

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53
ANNONSE