Vil leggja trafikk utanom tettstadene

Regjeringa varslar meir statleg styring med planlegging av hovudfartsvegar mellom ulike regionar i landet.

 

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil køyra utanom tettstader

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i Samferdselsdepartementet seier til Nationen at han er lei av samferdselsplanlegginga hos lokalpolitikarar i distrikta.

LES OGSÅ: – Vegutbygging i Noreg er første prioritet

Statleg styring
– Vegutbygginga ber mange stader preg av altfor kortsiktig planlegging. Eg blir skuffa og frustrert når vi til dømes investerer mange hundre millionar kroner på betre bruer, og så blir dei nye hovudfartsvegane lagt gjennom tettstader med 40-kilometerssoner med mange rundkøyringar, seier Hoksrud.

Han varslar at regjeringa i tida som kjem difor vil ha meir statleg styring. Hoksrud meiner at det blir teke meir omsyn til gjennomgangstrafikk ved å leggja alle hovudfartsårene utanom sentrum og tettstader. Lokalsamfunna får dessutan mindre støy, slitasje og lokal forureining, legg han til.

Nyleg køyrde Hoksrud saman med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) langs E6 frå sør til nord i landet.

LES OGSÅ: Opnar for superfart på E39

Fartsmål
– Målet må vera at E6 gjennom Noreg skal ha fartsgrense på 90 kilometer i timen på heile strekninga. Det betyr færre rundkøyringar, og at vegane går utanfor tettstader, sa Solvik-Olsen tidlegare i sommar. (©NPK)